Hopp til innhold

Var rådmannen inhabil?

Rådmannen i Sykkylven får kraftig kritikk for rolla si i etterkant av dei omfattande pengetapa til kommunen.

Sykkylven kommune

Politikarane i Sykkylven kommune skal vurdere habiliteten til rådmann etter ein renteavtale som vart inngått med Nordea i 2010. Kommunen har tapt 30 millionar på avtalen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Pengeplasseringar som rådmannen var ansvarleg for i 2010 har ført til at kommunen til no har tapt over 30 millionar kroner.

Kontrollutvalssekretariatet på Sunnmøre meiner rådmannen har gjort alt for lite for å få tilbake pengane, og ber no politikarane vurdere om han er inhabil.

Rådmann Ole-Johan Lillestøl i Sykkylven får kraftig kritikk i notatet frå kontrollutvalssekretariatet. Sekretariatsleiar Harald Rogne meiner rådmannen bør fjernast frå arbeidet med å forsøkje å få tilbake noko av pengane kommunen har tapt, og foreslår at kommunestyret vurderer habiliteten til rådmannen.

I eit brev til kommunen skriv kontrollutvalssekretariatet at rådmannen har vist liten vilje til å forstå og til å rette seg etter overordna instruksar, og at det har vore mange bortforklaringar. Vidare at klare forsøk på undergraving av kontrollutvalet sin autoritet utgjer ein del av dette biletet.

Renteavtalane med Nordea som rådmannen sin stab inngjekk i 2010 var kompliserte, og har så langt ført til 30 millionar i tap. Kommunen er no i ferd med å forsøkje å få endra avtalene, og kontrollutvalssekretaritatet meiner rådmannen ikkje er den rette til å leie dette arbeidet. Sekretariatsleiaren skriv at "Det er forståeleg at den som er ansvarleg for slike alvorlege feil som har påført kommunen store tap og som samstundes sit med ansvar for brot på finansreglementet, har interesse av å bagatellisere feilgrepa eller legge lokk på saka. Rådmannen har m.a. vist lite initiativ til å starte prosessar med tanke på å få pengane tilbake".

Kommunestyret skal behandle habilitetsspørsmålet 10. februar.

Verken sekretariatsleiar Harald Rogne eller rådmann Ole-Johan Lillestøl vil kommentere saka. Leiaren av kontrollutvalet i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug seier han ikkje stiller seg bak alt i brevet, og at det er spissformulert.