Hopp til innhold

Vanskeleg brannsløkking på avfallsanlegg

Tett røyk og brann som stadig blussar opp i avfallsanlegget på Jarnes gjer arbeidet vanskeleg for Sykkylven brannvesen.

Avfallsanlegget på Jarnes

Laurdag er det framleis mykje røyk som siv ut av hallen på avfallsanlegget på Jarnes i Sykkylven.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– No har vi jobba i eitt og eit halvt døgn og vi kjem nok til å halde på lenge endå, fortel brannsjef i Sykkylven, Oddmund Grebstad.

Onsdag byrja det å brenne på avfallsplassen på Jarnes i Sykkylven. Brannen tok til i nokre containerar med restavfall. Brannvesenet fekk sløkt brannen, men det blussa opp igjen natt til fredag .

Dårleg sikt

Laurdag ettermiddag har brannen avtatt, men ifølgje brannvesenet er det vanskeleg å få heilt kontroll.

Inne på miljøstasjonen er det lagra både trevirke og plastavfall som er male opp og lagra i dungar. Når brannvesenet jobbar når dei ikkje inn til kjernen, og det vert sløkt berre på overflata av dungane, forklarer Grebstad.

Brann på Jarnes

Laurdag klokka 09.30 såg det slik ut då ein såg over fjorden mot Jarnes.

Foto: Odd Tarberg
Brann i Sykkylven

Tjukk svart røyk kom ut av bygget på Jarnes.

Foto: Joakim Fylling

– Det er eit vanskeleg sløkkingsarbeid når ein har ein så kompakt masse. Sjølv om vi får sløkt på overflata, blussar det berre opp igjen fordi det er varme inne i dungane.

Målet er å kome seg inn med maskiner for å flytte på dungane med tre- og plastmasse, men den tette røyken inne i bygget gjer det vanskeleg.

– Det er så stor røykutvikling inne i hallen at der er svært dårleg sikt.

Les også:

Langvarig sløkkingsarbeid

Sidan brannen blussa opp igjen natt til fredag, har brannvesenet stått på for å få endeleg kontroll på situasjonen.

Laurdag føremiddag har Sykkylven brannvesen ti mann i arbeid i tillegg til god hjelp frå Ekornes sitt bedriftsbrannvesen.

– Det er vanskeleg å seie kor lang tid dette vil ta, fortel brannsjef Grebstad.

Farlege gassar

Fredag ba politiet folk som bur i området om å late att vidauga sine på grunn av røyken. Avfallet inneheld materiale som avgir farlege gassar.

– No er røykutviklinga vesentleg midre og vi har ein meir oversiktleg situasjon enn på fredag. I tillegg har vi ei slik vindretning at røyken ikkje går opp mot husa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL