Hopp til innhold

Motstandarane sperra augene opp for bunadskledde jenter i Rotterdam

Medan norske flagg vaia i flott vårvêr i Noreg, feira 14 studentar nasjonaldagen på sin eigen måte. Dei er nemleg i Rotterdam for Shell Eco-marathon, og nyssgjerrige konkurrentar sperra augene opp for bunadskledde jenter.

Uvanleg 17. mai i Rotterdam

Det norske håpet under Shell Eco-marathon er DNV Fuel Fighter, som, i tillegg til bilkøyring og bilmekking, også fann tid til å markere 17. mai. Frå venstre: Andreas Severinsen, Ruben Maisa, Nikita Sinansky, Fredrik Pettersen, Siavash Naghdalikhani, Vanja Gjelstenli, Alice Holm, Jostein Furseth, Jan Magnus Farstad, Catrine Hovland Hernes og Håvard Fadnes.

Foto: A/S Norske Shell

– Vi har fått mange reaksjonar. Folk tok bilde av oss gjennom heile dagen, og folk ville bli avbilda saman med oss, fortel Catrine Hernes Hovland.

– Folk spurte mykje, spesielt oss jentene, om kva klede vi hadde på oss. Dei spurte kva det heitte, og om alle jenter i Noreg brukar det på nasjonaldagen.

23-åringen frå Molde studerer medier, kommunikasjon og IT ved NTNU i Trondheim. Denne veka er ho i Rotterdam saman med 14 andre studentar.

Konkurranse i miljøeffektivitet

12 av studentane kjem frå NTNU, medan dei to andre studerer ved Norges Kreative Fagskole.

Uvanleg 17. mai-feiring i Rotterdam

Alice Holm, Catrine Hovland Hernes og Vanja Gjelstenli fekk mykje merksemd for bunadane sine i Nederland.

Foto: A/S Norske Shell

Sidan august i fjor har dei jobba med prosjektet DNV Fuel Fighter. Denne veka, frå 15. til 19. mai, gjekk Shell Eco-marathon av stabelen i Nederland.

3000 studentar, i 200 lag, frå heile Europa er samla i Rotterdam. Dei konkurrerer om kven som har bygd og laga den mest energieffektive bilen.

– Konkurransen byrja på torsdag, 16. mai. Då stilte vi på startstreken og fekk installert eit instrument som måler kor mykje energi ein bruker, fortel Jostein Furseth, som er ansvarleg for elektronikken på bilen.

– Etter at ting er installert, skal kvart lag og kvar bil køyre i 45 minutt, i minimum 25 kilometer i timen. Til slutt les ein av og ser kor mykje energi som blir brukt.

Vinnaren er bilen som køyrer lengst på det som svarer til éin liter bensin.

– Planla å ta med bunad

Sidan konkurransen gjekk over den norske nasjonaldagen, hadde teamet bestemt seg for å markere den på beste moglege vis i Rotterdam.

– Ideen kom vi vel på litt tidleg. Vi planla å ta med bunad, og på 17. mai var alle jentene bunadskledde. Dei fleste gutta hadde dress, og vi hadde norske flagg, fortel Alice Holm.

Uvanleg 17. mai-feiring i Rotterdam

Catrine Hovland Hernes, John Ola Buøy og Vanja Gjelstenli feira 17. mai i Rotterdam.

Foto: A/S Norske Shell

Ho er òg 23 år og frå Molde, og studerer grafisk design ved NKF i Trondheim.

– Vi steikte vaflar i går, så det blei ei ganske så artig feiring i går, seier Holm til NRK.

– Det blei kjempekoseleg. Vi fekk mange smil, spørsmål og tomlar opp, fortel venninna Hernes Hovland.

Det var derimot dei tre jentene i teamet som hadde bunad.

– Eg har ikkje bunad, men eg hadde ein skreddarsydd dress som ikkje passa, opplyser Furseth.

Han er opphavleg frå Haddal i Ulstein på Sunnmøre. Furseth studerer teknisk kybernetikk ved NTNU.

Hektiske dagar, håper på pallplass

Jostein Furseth

Jostein Furseth, frå Haddal på Sunnmøre, er éin av 14 i DNV Fuel Fighter-teamet.

Foto: DNV Fuel Fighter

Gjengen på 14 er det einaste laget frå Noreg, og teamet håper på ein pallplass.

– Så langt har vi hatt litt trøbbel og uflaks, men no ser det ut til at alt skal fungere på siste forsøk, fortel Furseth.

Dei har siste konkurransedag søndag.

– No har det vore jobbing i 30 timar og soving i 6-7 timar. Eg reiste ned hit på måndag, og sidan då har vi programmert, montert og førebudd oss.

Furseth fortel om diverse elektriske problem, motortrøbbel og kaving.

– Det kan bli litt ironisk, for om vi får alt i hop – noko vi mest truleg gjer – så kan vi få ei svært god plassering. Er vi veldig heldige kan det bli førsteplass, meiner Furseth.

Dei 200 laga er installerte i Ahoy Arena i Rotterdam.

– Det er ein enorm hall, der alle lag har kvar sin bås. Folk mekkar og programmerer døgnet rundt. Det er heilt ekstremt med jobbing, eg har rett og slett ikkje vore med på noko liknande.

– Det lærerikt, kjekt, spennande og intenst, seier 23-åringen frå Sunnmøre.