Hopp til innhold

Utvida hjelp til rusmisbrukarar

Tolv nye stillingar skal gi ei langt betre rusbehandling på Nordmøre. I dag opna avdelinga som rettar opp ei mangeårig skeivfordeling mellom fugderia.

Tolv nye stillingar skal gi ei langt betre rusbehandling på Nordmøre. I dag opna avdelinga som rettar opp ei mangeårig skeivfordeling mellom fogderia.

SJÅ TV-SAKA: I dag opna det nye rusbehandlingstilbodet i Kristiansund.

Det var duka med kaker og glas med mykje bobler, sjølvsagt utan alkohol, då Helse Møre og Romsdal formelt opna det nye rusbehandlingstilbodet under ei markering på distriktspsykiatrisk senter (DPS) ved Solhagen i Kristiansund fredag.

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik fortel at rus og psykiatri er eit satsingsområde for Helse Møre og Romsdal.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

Astrid Eidsvik, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, stod bak den offisielle opninga som vil bety ei kraftig utviding av tilbodet for rusmisbrukarar i Kristiansund.

– Rus og psykiatri er viktige satsingsområde nasjonalt, og dei er også viktige satsingsområde for Helse Møre og Romsdal, seier Eidsvik.

Auka kapasitet

Katarina Eilertsen

Katarina Eidsvik viste stolt fram dei nye lokala i Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

Katarina Eilertsen, prosjektleiar ved distriktspsykiatrisk senter i Kristiansund viser fram dei nye lokala.

Større plass, nye kontor og nye tilsette. Nordmøre har tradisjonelt hatt eit dårlegare tilbod enn resten av fylket. Dette er no i ferd med å endre seg. Eilertsen er svært nøgd med det nye tilbodet.

– Til no har vi vore fire tilsette. Dette betyr at vi kan bli eit atskilleg større team på totalt 16 personar. For oss som jobbar med rusproblematikk i Kristiansund er det eit gedigent løft, seier ho.

Tor Nygaard

Tor Nygaard trur bemanningsauken kan ha stor betydning for rusbehandlingstilbodet i kommunen.

Foto: Eirik Haukenes / nrk

I tillegg til dagtilbodet, skal fem senger stå klare for dei som treng det. Men det største løftet ligg i bemanningsauken og den fleksibiliteten det gir. Tor Nygaard, seksjonsleiar ved distriktspsykiatrisk senter, trur bemanningsauken kan ha stor betydning for rusbehandlingstilbodet i kommunen.

– Med auka kapasitet får vi større moglegheit til å dra ut og vere saman med pasientane. Vi kan få til eit nærare samarbeid med fastlege, jobb og familien til rusmisbrukarane, seier Nygaard.

– Det vil gi oss heilt andre moglegheiter enn tidlegare, held han fram.