Hopp til innhold

Utseld hus for skulemusikal

Fire framsyningar, den siste fredag kveld har det vorte for elevane ved dans, drama og musikklinja ved Volda vidaregåande skule. Moulin Rouge har vore ein stor suksess med utseld hus! Det vil seie kulturhuset i Ørsta.

Lengre video om Moulin Rouge, musikal ved Volda vgs

NRK var på besøk på den ikkje så "alvorlege" framsyninga, fredag føremiddag. Då var det så kalla skuleframsyning med elevar frå mellom anna ungdomsskular i salen. Likevel gav alle på scena full innsats og leverte ei strålande framsyning i løpet av to timar, berre med ei kort pause etter første akt.

Elevane imponerte stort på alle felt. Fleire dyktige solistar, musikarar, dansarar og skodespelarar. Ikkje rart at dei i salen vart begeistra.

Sigrid Terøy Finnes har ei hovudrolle i musikalen

Sigrid Terøy Finnes i rolla som Satine.

Foto: Arne Flatin / NRK

Sigrid Terøy Finnes (18) frå Ørsta har ei av hovudrollene, som Satine. Ho synest det er strålande kjekt å vere med på dette og meiner det gir skuleåret ein ekstra giv. Det er særleg artig med skuleframsyning fordi ein då alltid finn på noko ekstra, gjerne noko som er litt utanom manuset. Framsyninga gjekk i alle fall tilsynelatande smertefritt og dei på scena fekk kraftig applaus etter at showet var over.

Vore med sidan 95

Kjetil Eiksund er prosjektleiar og har halde på med dette sidan han kom til skulen i 1995. Dette er det nittande året dei greier å gjennomføre prosjektet. Det er sjølsagt ikkje Moulin Rouge kvart år. Sist dette stod på programmet var i 2004, så no var tida moden for å hente fram igjen denne musikalen, seier han.

Kjetil Eiksund, prosjektleiar Moulin Rouge

Kjetil Eiksund har vore med sidan starten, og læraren er prosjektleiar for musikalen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Musikk/dans/drama samarbeider tett med medielinja ved Volda vgs. Dei står for alt det visuelle i framsyninga og totalen vert dermed veldig bra, meiner Kjetil Eiksund.

Han seier det ikkje er tilfeldig at den intensive perioden på 5-6 veker vert avslutta rett før vinterferien, slik at både elevar og lærarar får ei veke på å hente seg inn att før avslutninga på skuleåret. Ikkje minst er dette viktig for avgangselevane som har mange av dei viktigaste rollene i musikalen.

Premieren var onsdag kveld og deretter to framsyningar torsdag og kveldsframsying fredag i tillegg til skuleframsyninga. I følgje Sigrid Terøy Finnes har det vore gode tilbakemeldingar heile vegen, noko som gjer det ekstra kjekt å vere med.

Frå heimesida til Volda vgs hentar vi denne omtalen av musikalen:

Handlinga er lagt til storbyen Paris, og miljøet rundt den berømte nattklubben. Her er eit utdrag frå omtalen:

Året er 1899. Ein fattig, ung forfattar ved namn Christian kjem til Paris for å ta del i den bohemske revolusjonen. Men det er det bohemske undergrunnsmiljøet som lokkar, og då særleg nattklubben Moulin Rouge, sjølve høgborga for bohemsk råskap. På Moulin Rouge møtast både fattige og rike menn for å bli underhaldt av vakre kvinner gjennom dans, akrobatikk, sirkus og show. Showets stjerne og «diamant» er kurtisanen Satine, som sjarmerer både menn og kvinner med si utstråling og vakre stemmeprakt. Og som så mange andre menn blir Christian heilt bergtatt av Satine. Satine på si side blir svært fascinert av den unge forfattaren, men bak dei glamourøse kulissene på Moulin Rouge lurer ei mørk sannheit. Nattklubben er på konkursens rand, og eigaren Harriet Zidler ser ingen annan utveg enn å inngå ei avtale med sjølve storkaksen i Paris «Hertugen». Men for å redde Moulin Rouge har «Hertugen» eitt svært kontroversielt vilkår; han skal ha kurtisanen og showets stjerne, Satine som si kvinne. Dette er opptrappinga til eit trekantdrama i kulissene på Moulin Rouge, der Satine og Christian må kjempe mot alle odds for å kunne vere saman. Og ikkje nok med det, kanskje lurer det enda fleire mørke krefter i kulissene?

Flotte kostyme i Moulin Rouge

Flotte kostyme i Moulin Rouge.

Foto: Arne Flatin / NRK