Hopp til innhold

Usemje om ferjepengar

Sterke reaksjonar på løyvingane til ferjene etter eit år med store problem i ferjedrifta.

Video BUDSJETTET-051010-MR-180847-SI_MR.mp4

Køar, krasj og krangel har det vore mykje av på fjorden det siste året. Stort verre kan ikkje situasjonen verte.

- Situasjonen har vore vanskeleg og delvis kaotisk, seier fylkesordførar i Møre og romsdal, Olav Bratland.

- Ein skandale

Etter det store ferjetrøbbelåret var det forventningar om meir pengar i statsbudsjettet. For politikarar og byråkratar vert det mange utfordringar.

Leiar i samferdselsutvalet, Frank Sve (FrP), har ropt høgt om ferjesituasjonen lenge, og no får han endå meir å rope om. Han meiner ferjeløyvingane er mindre enn tidlegare.
- Det er innbyggjarane som taper på at vi har fått altfor lite pengar. Det

Frank Sve

Frank Sve meiner ferjeløyvingane er ein skandale

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

at vi ikkje får pengar til ferjekaier no, er ikkje mindre enn ein skandale. Det fører til at innbyggjarane må leve med dagens dårlege standard.

- Ikkje mindre pengar

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp), derimot, meiner at det ikkje vert løyvd mindre pengar frå staten.

Jenny Klinge

Jenny Klinge meiner det ikkje er løyvd mindre pengar over statsbudsjettet enn før

Foto: Øyvind B. Sæbjørnsen / NRK

- I praksis vert det ikkje det. I budsjettet som gjeld for i år ligg det inne 234 millionar kroner frå staten til ferjene i fylket. I neste års budsjett ser vi no at det står 241 millionar kroner.

Klinge seier at fylket sjølv valde å prioritere ni nye millionar til ferjer i fjor.

- Når då somme fylkespolitikarar i dag er misnøgd med det som kjem over statsbudsjettet til ferjer, så samanliknar dei det med det nivået som vart etter at fylkestinget gav sine ekstraløyvingar, seier Klinge.

- Men dei måtte gje dei ekstraløyvingane fordi regjeringa ikkje gav nok pengar til å oppretthalde den ferjedrifta som fylket ynskjer?

- No er det slik at fylka frå nyttår i år fekk overført både eigarskapen og ikkje minst ansvaret for det som tidlegare var riksvegar, som no heiter fylkesvegar, deriblant også ferjene på desse strekningane. Så er det slik då, at når ein har ansvaret, så må ein velje korleis ein prioriterer. Eg tykkjer fylket gjorde heilt rett i å prioritere ferjene.