Hopp til innhold

Uroleg natt med fyllebråk

Fulle festdeltakarar og slossing har prega natta i dei største byane.

Illustrasjonsbilde: Politibil
Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Ingen blei alvorleg skadde i natt, men politiet over heile fylket har hatt nok å gjere. Politiloggen berre for Romsdal og Nordmøre viser 20 saker frå klokka 18 torsdag kveld til klokka 6 om morgonen fredag 1. mai.

Fyll, fyll og meir fyll...

Allereie klokka 18 torsdag kveld kom meldingar frå Skjerva i Kristiansund om mange unge samla seg for å feste. Resultatet blei slossing og drikking på offentleg stad. Politiet måtte rykke ut fleire gongar, og ifølgje politiloggen låg berre rotet igjen då ungdommane forlet området rundt midnatt.

Like rundt midnatt fekk politiet melding om ein full person i Kristiansund sentrum som ikkje klarte å ta vare på seg sjølv. Han blei sendt heim. Like etter midnatt måtte ein 16 år gamal gut og 18 år gamal kvinne i Molde få same behandling. Og slik heldt natta fram.

7 i arrest

Fleire kvinner og menn har overnatta i fyllearresten i natt, fordi dei ikkje klarte å ta vare på seg sjølv. I Ålesund hadde politiet to i arrest, i Molde og i Kristiansund til saman 5. Dette er ifølgje politiet omtrent som normalt. I tillegg blei fleire køyrde heim igjen fordi dei ikkje kunne ta vare på seg sjølv.

Utfor med bil

Fire ungdommar køyrde utfor vegen i Øvre Surnadal torsdag kveld. Ingen skal vere alvorleg skadde, men politiet trur høg fart kan vere årsaka til utforkøyringa. Noko seinare på natta blei ein person lettare skadd då to russebilar kolliderte i eit kruss i Surnadal sentrum.