Hopp til innhold

Unni kan døy av julestjerner

Frå midten av november tør ikkje Unni Krøvel Aure gå i butikken i frykt for å bli sjuk av den tradisjonelle juleblomen. Stadig fleire får ein allergisk reaksjon av julestjerna.

Unni Krøvel Aure er allergisk mot julestjerne

Unni Krøvel Aure er så allergisk mot blomen julestjerne at ho kan døy.

Foto: Fotomontasje: Cornelius Poppe / Scanpix /Erik Hove

Julestjerna som nordmenn er så glad i er Unni Krøvel Aure sin verste fiende. Ho er livredd for å kome i nærkontakt med planten.

– Det kjennest som tusen nålestikk i andletet og eg hovnar opp i svelget slik at eg ikkje får puste, fortel Unni. Sunnmørskvinna flytta til Selje for tre år sidan og i hennar hus er ikkje julestjerna velkomen.

Den aller første gongen ho opplevde å bli dårleg av blomen var på 70-talet. Både Unni og faren reagerte på den kvite julestjerna i stova. Med åra har allergien berre blitt verre og verre.

Fekk sjokk

Unni Krøvel Aure

I heimen til Unni er det kun adventsstjerna som får kome inn.

Foto: Erik Hove

No går Unni rundt med ei adrenalinsprøyte i veska, som kan berge livet hennar dersom ho får anafylaktisk sjokk. Det er ein alvorleg allergisk reaksjon som fører til blodtrykksfall og krev rask behandling. Unni har opplevd det ein gong og det var skremmande.

– Etter det har eg trekt meg attende alt eg kan, men det er ikkje lett, seier Unni.

Heime har ho pynta til advent med stjerne i vindauga. Ho likar også å vere ute i naturen og plukke ting ho kan bruke som julepynt. Problemet hennar er at andre likar å pynte med julestjerner.

LES OGSÅ:

Går ikkje i butikken

Allergien er så alvorleg at frå byrjinga av november sluttar ho å gå i butikkar og på offentlege kontor. Julehandelen er ho alltid ferdig med i god tid før julestjernene kjem og ho har folk som handlar daglegvarer for henne.

Dei få gongane ho oppsøkjer butikkar på eiga hand, ringer ho på førehand for å forsikre seg om at dei ikkje har julestjerner.

– Denne veka skulle eg til augelege, men måtte flytte timen til februar. Dei på sjukehuset kunne ikkje garantere at det ikkje er julestjerner i hus, seier Unni.

Mange reagerer

Hallvard Ramfjord

Hallvard Ramfjord er seniorforskar i Astma og Allergiforbundet. Han seier det er eit stort problem for allergikarar at julestjerna er i alle butikkar og på offentlege kontor.

Foto: NAAF

Hallvard Ramfjord er seniorforskar hos Astma- og Allergiforbundet (NAAF). Han fortel at dei opplever ein auke av folk som rapporterer at dei reagerer på julestjerner. Det at butikkar, arbeidsplassar og offentlege institusjonar pyntar med julestjerner, gjer det vanskeleg for dei som ikkje toler blomen.

– Allergi er ei usynleg liding, som er eit stort problem for den som er råka. Det er dramatisk for ein allergikar når inngangspartiet på butikken er full av julestjerner, seier Ramfjord.

Kjøp andre blomar

Forskaren meiner det er misforståing blant folk at dei kan fjerne den gule blomen på julestjerna og dermed unngå allergisk reaksjon. Stoffa i bladverket på julestjerna kjem ut i lufta som ørsmå partiklar og skaper irritasjon på hud og i slimhinner. Dermed er det inga hjelp i å ta vekk den gule blomen.

Ramfjord meiner det finst mange gode alternativ til julestjerna. Både roser, julekaktus og kristtorn er trygge juleplantar.

– Det er vanskeleg å få folk til å snu trenden og ikkje bruke julestjerner. Desse blomane vert marknadsført sterkt og folk assosierer dei med jul, seier Ramfjord.

NAAF oppmodar både private og det offentlege til å ikkje bruke julestjerner.

Trur det er psykisk

Unni Krøvel Aure føler at folk flest ikkje forstår alvoret. Enkelte meiner at det er psykisk og at ho overreagerer. Sjølv veit ho at ho i verste fall kan døy dersom ho ikkje får hjelp fort.

– Det sosiale livet mitt er sterkt redusert i denne perioden. Å gå på julebord eller andre tilstellingar er umogleg, forklarar ho.