Hopp til innhold

Underslo 1,4 millionar som kasserar

Ei 35 år gammal kvinne på Nordmøre må 11 månader i fengsel etter grovt underslag frå idrettslaget ho var kasserar i.

Underslagsdom

Den 35 år gamle kvinna blei dømt i Nordmøre Tingrett torsdag 28. september.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Det slår Nordmøre tingrett fast i domsslutninga.

Den 35 år gamle kvinna på Nordmøre blei sikta 21. juni i år. I dag blei ho idømt 11 månader fengsel.

Underslo over to år

Kvinna var kasserar i eit idrettslag på Nordmøre, og no er ho dømt for grovt underslag av pengar.

I løpet av to år, frå 2009 til 2011, tok ho over 1,4 millionar kroner frå klubben.

Den sikta, som er tidlegare ustraffa, kom gav ei tilståing utan atterhald i retten.

I utgangspunktet er straffenivået – for grovt underslag av så store beløp – fengsel utan vilkår i eitt år og fem månader.

Den sikta fekk derimot strafferabatt, då ho tidleg erkjente straffskuld, og tilståinga medførte klar prosessøkonomisk gevinst. Difor fekk ho ein strafferabatt på om lag 1/3.

Utan tilståing seier retten at fengsel i eitt år og fem månader nok hadde blitt faktum.

Må betale tilbake

I tillegg til fengsel i 11 månader, må Nordmørs-kvinna betale tilbake dei underslåtte pengane.

I alt 1.365.992 kroner må betalast tilbake.

Kravet blei av retten sett på som utvilsamt. Oppfyllingsfristen er to veker.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL