Hopp til innhold

Ulykke i Rensvik

To bilar er involverte i ei trafikkulykke i Rensvik i Kristiansund. Både politi og ambulanse er på staden. Den eine bilen skal ha køyrt inn i den andre bakfrå. Tilsaman fem personar var i dei to bilane, men det skal ikkje vere alvorlege personskadar.