Miguel og Daniel Falcon Græsdal - Miguel og Daniel Falcon Græsdal er uvanleg samkøyrde. - Foto: Karen Hilde Svendsrud /

Miguel og Daniel Falcon Græsdal er uvanleg samkøyrde.

Foto: Karen Hilde Svendsrud

Tvillingar (14) vann NM-gull

Dei to tvillingane Miguel og Daniel Falcon Græsdal er uvanleg samkøyrde. I helga vann dei NM-gull for evna til å halde takta.

Dei 14 år gamle tvillingane frå Skodje vann nemleg klassa for duettar under NM i trekkspel i Mo i Rana.

- Det var veldig artig, det hjelper på motivasjonen, seier Daniel Falcon Græsdal. Dei to brørne oppnådde 105 poeng og konkurrerte mot to andre duettar.

Miguel og Daniel Falcon Græsdal frå Skodje - Miguel og Daniel Falcon Græsdal frå Skodje vann NM-gull i trekkspel. - Foto: Karen Hilde Svendsrud /

Miguel og Daniel Falcon Græsdal frå Skodje vann NM-gull i trekkspel.

Foto: Karen Hilde Svendsrud
Starta som sjuåringar

Dei to tvillingbrørne Daniel og Miguel Falcon Græsdal begynte å spele trekkspel då dei var sju år gamle.

- Vi er like flinke og øver like mykje. Det blir vanlegvis ein times tid kvar dag i vekene, og eit par timar dagen i helgane, seier Daniel Falcon Græsdal.

Vil satse på musikken

Begge brørne ønskjer å satse på musikken framover, men har førebels ikkje bestemt seg.

- Medaljane vi har fått no gir oss ekstra motivasjon framfor neste års NM, seier dei to. Ingen andre i klassen spelar trekkspel, og instrumentet har tradisjonelt ikkje vore det mest populære i ungdomsmiljøa. Men det er ikkje noko problem i Skodje.

- Nei, dei andre syns det er artig at vi er så flinke, seier Miguel Falcon Græsdal.

Fleire lokale medaljar

Tvillingbrørne hevda seg også med 4. og 5. plass for solistar 12-14 år. Der oppnådde Ingrid Johanne Fylling Nupen frå Ørskog 2. plassen. I klassen over, solistar 15-17 år, fekk Oda Kvalsvik Stengberg frå Vestnes 2. plassen. Vegard Hansen frå Aure fekk 1. plassen i klassa for solistar i durspel. Gruppa Åtgaum frå Aure, Vestnes og Haram fekk 4. plassen i klassa gamaldans for blanda grupper.

Lokale utøvarar under NM i trekkspel - Daniel Falcon Græsdal, Oda Kvalsvik Stengberg, lærar Håvard Svendsrud, Ingrid Johanne Fylling Nupen og Miguel Falcon Græsdal. - Foto: Karen Hilde Svendsrud /

Daniel Falcon Græsdal, Oda Kvalsvik Stengberg, lærar Håvard Svendsrud, Ingrid Johanne Fylling Nupen og Miguel Falcon Græsdal.

Foto: Karen Hilde Svendsrud

Siste video/lyd

Evakuerte frå området ved fjellet Mannen i Rauma håper skredet kan gå i løpet av kort tid, slik at dei kan kome tilbake til eit normalt liv. Ekspertane trur fjellpartiet kan losne i neste veke.
Søndag kan Kristiansund styrke sjansane sine til opprykk til Eliteserien når Hødd kjem på besøk i 1.divisjon i fotball. Ei optimistisk klubbleiing håper på publikumsrekord, medan trenaren enno ikkje vil snakke verken om opprykk eller tabellplassering.
Tre menn og ei kvinne er varetektsfengsla i fire veker etter at ein mann vart funnen død i eit hus i Spjelkavik tysdag. Det oppstod brann i huset men politiet opplyser at vald var dødsårsaka.