Hopp til innhold

Lause takplater i Tussentunnelen skapar frustrasjon

Onsdag måtte Tussentunnelen på fylkesvegen mellom Molde og Fræna igjen stenge på grunn av lause takplater.

Skinner i hvelvet som er skadd etter påkjørsler, tussentunnelen

Innfestingane på platene i Tussentunnelen rustar og smuldrar opp.

Tussentunnelen på fylkesveg 64 mellom Molde og Fræna er ein av dei mest trafikkerte tunnelane i Møre og Romsdal. Onsdag måtte tunnelen igjen stenge på grunn av lause takplater. Heile to gangar vart tunnelen stengt onsdag.

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal opplever frustrasjonen både hos trafikantane og egne folk.

– Ja, det er klart det er frustrerande. Det er også utfordrande når vi må gjere utbetringar på ein tunnel som er relativt dårleg, seier han.

Skal setje i verk akutte tiltak

Tønnesen fortel at det i utgangspunktet ikkje er farleg for trafikantar å ferdast gjennom tunnelen, men at dei skal setje i verk akutte tiltak for å betre trafikktryggleiken i tunnelen.

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen i Møre og Romsdal opplever frustrasjonen både hos trafikantane og egne folk.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Innfestingane på platene rustar og smuldrar opp, noko som gjer at platene i tunnelen losnar, og det er vi nøydd til å gjere noko med, seier han.

Statens vegvesen skal blant anna demontere ca. 30 meter med plater om lag 100 meter inn i tunnelen frå Frænasida.

– Vi kjem til å fjerne platene i den delen av tunnelen der problemet er størst. Dette er nødvendig for å sikre tryggleiken til trafikantane, seier Tønnesen.

Til trass for at tunnelen har eit stort behov for opprusting, er det likevel berre mindre utbetringar som vert gjennomført.

– Vi har eit tett samarbeid med oppdragsgivaren vår, men vi har berre anledning og midlar til å sette setje i verk mindre tiltak, seier Tønnesen.

Vil prøve å heve høgda i tunnelen

Mange lastebilsjåførar reagerte då høgdeavgrensing i tunnelen vart justert ned frå 4,15 til 4,10. I etterkant har tunnelen blitt stengt ein rekke gongar fordi høge køyretøy har vore oppe i taket. Dette skjedde også i går.

Tussentunnelen

På bilete viser ei vifte som er skadd etter påkøyrsel av for høgt køyretøy.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har kanskje pint den høgda litt for mykje. Vi har i ettertid gjort kontrollmålingar som har vist at tunnelen er noko lågare enn det vi meinte den var. Samtidig har vi lagt dekke i tunnelen, noko som også har minka høgda, seier Tønnesen.

Han har forståing for den frustrasjonen som lastebilnæringa opplever.

– Vi skal gjere nye målingar og sjå på tiltak for å auke høgda i tunnelen. Vi ønsker å strekke oss langt for betre situasjonen for sjåførane, seier Tønnesen.