Hopp til innhold

Trur skipstunnelen blir meir lønsam enn venta

Forskarar meiner Stad skipstunnel kan bli langt meir lønnsam enn det tidlegare analysar har lagt til grunn. Undersøkingar har vist at prosjektet ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt, men Sintef meiner talgrunnlaget har vore for snevert.

Containerskip i Stad skipstunnel

Stad skipstunnel skal gjere det lettare å passere over Stadhavet for både store og små skip.

Foto: Nordwest 3D / Stad skipstunnell

Stad skipstunnel

Stad skipstunnel kan få byggestart i 2018.

Foto: Nordwest 3D/Stad skipstunnel
Håkon Raabe

Håkon Raabe er prosjektdirektør hos Sintef.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den planlagde tunnelen gjennom Stadhalvøya skal gjere det lettare å passere det vêrutsette Stadhavet. Etter 25 år med planlegging er det no håp om at bygginga kan starte i 2018.

Prosjektet har vore gjennom mange rundar med planlegging og analysar, og eitt av dei store spørsmåla har vore om tunnelen er samfunnsøkonomisk lønsam. I den siste analysen var svaret nei, no meiner prosjektdirektør i Sintef, Håkon Raabe dette er for enkelt.

– Når vi har rekna på nytteeffektar som ikkje er talfesta, får vi eit heilt anna bilete av situasjonen, seier Raabe.

Må spare meir enn 55 millionar kroner i året

Tidlegare analysar har slått fast at prosjektet må ha ei årleg innsparing på 55 millionar kroner for å vere rekna som lønsam. I Sintef sine analysar er anslaga no på mellom 75 og 100 millionar kroner i året, altså godt over grensa for lønsemd.

– Vi har mellom anna rekna på ulukkesrisiko og tryggleik. Dette er alltid det viktigaste når prosjekt skal vurderast, men samstundes det er vanskeleg å rekne på kva nestenulukker kostar, seier Raabe.

Han viser til utrekningar dei har gjort rundt nestenulukka med hurtigruta Midnattsol ved Stad viser at eit totalforlis ville kosta opp mot fem milliardar kroner.

– Dette er to til tre gongar prislappen for skipstunnelen.

– Også næringsmessig ser vi at hurtigbåttrafikk og effektar for fiskerinæringa vil ha stor verdi, som tidlegare ikkje er rekna med, seier Raabe.

– Men kor sikre er desse tala?

– Slike tal er ikkje sikre, dei er basert på estimat og intervju vi har hatt med aktørar i næringa, så dei vil aldri vere heilt sikre. Men vi meiner slike anslag har stor verdi fordi dei får fram verdiar som ikkje er rekna med før.

– Viktig å få betre tal

Helge Orten

Helge Orten er stortingsrepresentant for Høgre. Han trur betre talgrunnlag vil vere viktig når dei skal vurdere ulike prosjekt.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også stortingsrepresentant for Høgre, Helge Orten, er samd i at det er viktig å få betre talgrunnlag når dei skal vurdere framtidige samferdselsprosjekt.

– I dag har vi kost/nytte-berekningar og samfunnsøkonomiske analysar av redusert reisetid og redusert ulukkesfrekvens. Men det er så mykje meir som ligg i desse prosjekta. Så eg trur vi hadde hatt stor nytte av å få meir nyanserte utrekningar av kva som ligg i dette for å synleggjere effektane.

Han nemner arbeidsmarknadseffektane og effekten av å sjå fleire vegprosjekt i samanheng.

– Betre tal vil gi oss eit betre verktøy til å vurdere kva for prosjekt vi skal prioritere først og sist. I tillegg trur eg det vil synleggjere nytta av å bygge ut ein god infrastruktur, seier Orten.

– Ikkje eit luftslott

Raabe seier det har vore viktig for dei å gjere nøkterne anslag for nytteverdien, fordi kampen for å få gjennomslag for samferdselsprosjekt ofte handlar om å vise den samfunnsøkonomiske gevinsten. Han avviser at dei er for optimistiske når dei opererer med tal opp mot 100 millionar kroner i innsparingar per år.

– Det er vanskeleg å få gjennomslag for prosjekt der anslaga blir sett på som for optimistiske, så vi har halde oss til det vi meiner er konservative anslag. Dette er absolutt ikkje eit luftslott, seier Raabe.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL