Hopp til innhold

Trur på frisk elv innan fem år

Det er stort håp om å bli kvitt lakseparasitten i Rauma etter at elva og sju andre vassdrag i indre Romsdal har blitt behandla med rotenon.

Laksefiske i Rauma Elv, Romsdal. Trollveggen i bakgrunnen.

Etter behandling med rotenen er det håp om å fiske laks frå ei friskmeldt Rauma innan fem år.

Foto: Terje Rakke/Fjord Norge AS

Trond Haukebø

Prosjektleiar Trond Haukebø hos fylkesmannen er optimistisk etter rotenonbehandling av Rauma.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sist veke blei elvane kontrollerte etter behandlinga med giftstoffet rotenon. I alt blei 263 kilo fisk undersøkt, og ikkje ein einaste parasitt blei funnen. Dette gjer prosjektleiar Trond Haukebø hos fylkesmannen svært optimistisk.

–Alt tyder på at dette har vore heilt vellukka, seier Haukebø.

Seigliva parasitt

I fleire tiår har lakseparasitten gyrodactilus salaris vore eit problem i norske lakseelvar. Parasitten lever i finnane og gjellane på lakseungar, men er mindre til plage for vaksen fisk. Parasitten formerer seg svært raskt, og trass i strenge tiltak har den vist seg vanskeleg å bli kvitt.

I fjor blei elvane i indre Romsdal behandla med rotenon. I midten av august i år blei det siste runden med behandling gjennomført. Kontrollane sist veke gir altså grunn til optimisme.

Ikkje vellukka sist

Det er ti år sidan sist Rauma og dei andre vassdraga i Romsdalen blei behandla med rotenon. Den gongen dukka parasitten opp att etter berre eit par år. Haukebø har likevel større tru på behandlinga denne gongen.

–Vi har funne mange lakseungar, og dei er alle føddde i vår. Det betyr at vi ikkje har funne nokon lakseunge som har overlevd behandlinga i fjor, seier Haukebø.

I følgje prosjektleiaren tyder dette på at behandlinga i fjor har vore hundre prosent vellukka. Haukebø meiner også at behandlinga i år har vore enda betre, og har difor stor tru på at dei no er kvitt parasitten.


Overvakar vassdraget dei neste åra

Vidar Skiri

Vidar Skiri representerer grunneigarane ved elva Rauma.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

I tillegg til Rauma er elvane Istra, Isa & Glutra, Innfjordelva og Måna behandla med gift. Når behandlinga no er avslutta, blir det svært viktig å overvake elvane dei neste åra.

Talsmann for grunneigarane i Rauma, Vidar Skiri deler optimismen til Haukebø. Han trur på ivrige fiskarar igjen kan fange laks og ørret frå ei friskmeldt elv innan fem år.

–Vi skal ha eit overvakingsprogram, og om det går som vi har tenkt med smoltutsetting i 2016, kan det kome igjen fisk som har vakse opp i vassdraget frå 2017 og 2018, seier Skiri.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL