Hopp til innhold

Trur kommunen vil lukkast med arbeidet

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet, meiner kommunen ikkje må la seg styre av frykt i arbeidet med å ta i mot asylsøkarar.

Eva Vinje Aurdal

Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet, har tru på at kommunen vil lukkast.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Formannskapet har sagt ja til å ta i mot inntil 500 asylsøkarar i eit akuttmottak der Ålesund Storhall kan bli løysinga.

Arbeidarpartipolitikaren har tru på at kommunen vil lukkast.

– Vi får ei veldig stor utfordring når det gjeld å organisere dette, men eg har veldig stor tillit til rådmannen og rådmannens stab, så eg trur dei vil lukkast med dette arbeidet, seier Aurdal.

Spennande og utfordrande

Tysdag ettermiddag blei saka behandla i formannskapet i Ålesund. Eit klart fleirtal sa ja til å ta imot inntil 500 asylsøkjarar med kommunen som driftsoperatør, men Ålesund storhall som akuttmottak blei møtt med skepsis hos fleire politikarar.

Styret i Ålesund Storhall har sagt ja til å gå i dialog med Ålesund kommune om å gjere om Sparebanken Møre Arena frå idrettshall til akuttmottak for flyktningar fram til august neste år. Men også her var saka omstridt og styret var delt. To av dei som stemte imot, deltok ikkje fysisk på møtet og difor blei ikkje stemmene talt med. Dei to har seinare trekt seg frå styret.

Eitt av spørsmåla som kom opp, var om storhallen kan komme til å bli bunden opp som asylmottak etter august.

Aurdal er positiv til at kommunen skal kunne greie å finne ei løysing.

– Eg har tillit til at det skal gå, men det å organisere alle dei gode kreftene som ønskjer å bidra for å utvikle eit godt tilbod for dei som skal vere her er utfordrande, seier ho.

– Er det spennande?

– Ja, det er veldig spennande å jobbe med denne saka og eg håpar det kan gi noko tilbake til Ålesundssamfunnet, seier Aurdal.