Hopp til innhold

Trur det vil ta tid å ordne kabelbrot

Nær 1000 Telenorkundar er utan breibandsamband og vel 200 er utan fasttelefon etter at ei ferje tok med seg ein sjøkabel utanfor Aukra i går ettermiddag. Telenor trur det kan ta tid å få retta feilen.

Per Aril Meling

Informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor seier dei jobbar med reserveløysingar for dei som er råka av feilen.

Breibandvanskane gjeld kundar i Fræna, Aukra og Sandøy, medan det er kundar i Molde, Aukra og Fræna som er utan fasttelefon. Mobilnettet er ikkje råka.

– Vi ser alt på moglege reserveløysingar, og vi håper vi skal få det meste inn i løpet av i kveld og i morgon, seier informasjonssjef Per Aril Meling i Telenor til NRK.

– Når det gjeld sjølve sjøkabelen må vi ha eit kabelskip for å kunne skifte denne. Det skipet ligg i Harstad og kan ikkje vere på plass før fredag, seier Meling.

Han trur feilen dermed kan vere retta i løpet av søndagen.

Krevjande med reparasjonar i sjø

Meling seier det er svært krevjande å reparere kablar som vanskeleg til, slik som den i Aukra. I tillegg til skipet som er på veg frå Harstad, treng dei dykkarar på staden.

– Når kabelen er henta opp, må vi vurdere skadane, truleg må vi skifte den, alternativet er å reparere den. Men dette er tung arbeid og avhengig av vêret, seier Meling.

Når det gjeld reserveløysingar er dei avhengig av å ha entreprenørar frå tre ulike stader på plass for å kunne kompensere for brotet.

– Dette tar dessverre litt tid, men vi jobbar så fort vi kan for å hjelpe kundane våre, seier Meling.