Hopp til innhold

Trur 3 av 4 prestar framleis vil seie nei til å vie homofile

Homofile og lesbiske vil møte skeptiske prestar mange stader i fylket dersom dei ønskjer å gifte seg. Kyrkjemøtet sa måndag ja til vigsler, men 3 av 4 prestar i Møre seier truleg nei.

homofile vielse

Homofile og lesbiske får no gifte seg i kyrkja, etter årelang diskusjon. Men langt frå alle prestar ønskjer å ta imot likekjønna til vigsel.

Foto: MICK TSIKAS / Reuters Creative

Det er leiaren i presteforeininga i Møre, Magne Furuseth i Molde, som anslår at 3 av 4 prestar vil reservere seg mot å vie homofile. Det svarar til over 50 av dei om lag 70 prestane i Møre bispedømme.

Magne Furuseth

Magne Furuseth, som er leiar i presteforeininga i Møre, forstår at det kan vere ei belastning for homofile som ønskjer å gifte seg, om dei får nei frå den lokale presten sin.

Foto: privat

– Slik som eg kjenner presteskapet i Møre ser eg for meg at dei fleste i utgangspunktet har ein nokså konservativ teologi. Sjølv om det har vore ei endring over nokre år, trur eg framleis at eit ganske vesentleg fleirtal av prestane tenkjer at dette stemmer dårleg med det bibelske materialet, seier han.

Han strekar under at presteforeininga ikkje har gjort noko systematisk rundspørjing, men seier dette baserer seg på samtalar og diskusjonar med kollegaer.

Les også:

Trur ikkje det er Guds vilje med homofile ekteskap

Geir Sakseid

Sokneprest Geir Sakseid i Giske seier det er omsorg for dei homofile som gjer at han ikkje vil vie dei.

Foto: privat

Sokneprest Geir Sakseid i Giske og Vigra sokn er ein av dei som nektar å ta i bruk den nye liturgien, etter at Kyrkjemøtet måndag sa ja til å vie likekjønna. Han seier han står på kyrkja sitt tradisjonelle syn, og at ekteskapet er for mann og kvinne. Dermed vil han ikkje ta imot homofile eller lesbiske som vil gifte seg.

– Då baserer eg meg på Bibelen. Slik som eg les Bibelen kan eg ikkje sjå at det er noko opning for det.

– Skjønar du at dette er veldig provoserande for mange?

– Ja, det skjønar eg. Min motstand mot likekjønna vigsel baserer seg ikkje på at eg ser dei homofile som fiendar, det er eigentleg eit uttrykk for omsorg. Eg trur ikkje det er Guds gode vilje for homofile at dei giftar seg, seier han.

Les også:

Avviser at det vil bli vanskeleg å få gifte seg

Trass i at dei fleste prestane i Møre truleg deler synet til soknepresten i Giske, trur ikkje leiaren i presteforeininga at det blir vanskeleg å finne opne kyrkjedører for homofile og lesbiske som vil gifte seg.

Dei øvste folkevalde i kyrkja sa samstundes ja til å gje prestane reservasjonsrett mot å vie homofile, men Furuseth trur ikkje dette vil gjere det vanskeleg for likekjønna å få gifte seg.

– Nei, det trur eg ikkje. Det vil vere prestar i alle dei sju prostia som kan tenkje seg å vie likekjønna, seier han.

– Men skjønar du at det kan vere ei ekstrabelastning for eit komande ektepar å få nei frå presten?

– Eg trur ikkje det treng å vere noko vondt eller negativt i utgangspunktet. Men dersom språket og haldningar er ovanfrå og ned eller negative, då er det klart det blir vondt, seier han.

Trur motstanden spaknar med tida

Leiaren i presteforeininga er til dagleg sokneprest i Bolsøy og Sekken, og seier han sjølv ikkje har landa i spørsmålet om ekteskap for likekjønna. Han seier at andre kontroversielle saker i kyrkja har endra seg over tid, og viser mellom anna til spørsmålet om kvinnelege prestar og vigsle av fråskilde.

– Det kan vere at ein del haldningar og meiningar i denne saka også vil endre seg i den same retninga, slik at motstanden mot å vie likekjønna par vil bli svakare med åra, seier han.