Mannen oppsøkte folk han kjenner på Averøy og ifylgje politiet skal han ha vore sint. Han truga to personar i bustaden med kniv.
– Det vart eit baksetak og huseigaren vart rispa opp med kniv under det eine auge, seier operasjonsleiar Leif Bergem-Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt. Skadene er ikkje alvorlege.
Mannen har også gjort skade på ei dør og ein motorsykkel. Han forlot bustaden og politiet pågreip mannen der han oppheldt seg. Bergem-Ohr seier at politiet etterforskar saka vidare.