Kroken er dagleg leiar ved Trollveggen Besøkssenter – den arkitektoniske perla som blei opna i 2011.
Han var pådrivar for å få besøkssenteret, med kafé og suvenirbutikk, opna. Arkitekt Reiulf Ramstad har stått bak designen.
På fasjonabel liste
Trollvegen Besøkssenter har fått skryt mange stadar, og håpet er å trekkje til seg fleire vanlege turistar, men ikkje minst fleire med arkitekturinteresse.
Då kan omtale i for eksempel Architectural Digest hjelpe på.
«The 20 most beautifully designed new restaurants», er tittelen til det kjende og tradisjonsrike amerikanske bladet.
«Vi har søkt heile planeten for å finne dei beste nye restaurantane der design toppar menyen», skriv dei.
For bladet meiner restaurantbesøk er meir enn maten. Designen betrar alle element med eit restaurantbesøk, skriv dei. På denne lista har Trollveggen Besøkssenter kome med.
– Tanken bak var at bygget skulle relatere seg til veggen, som er eit utruleg naturelement, fortel arkitekt Ramstad til NRK.no.
– Sjå heile Trollveggen
«Besøkssenteret har ei dramatisk vinkla taklinje, inspirert av dei ulendte fjella rundt. Bygget er eit augeopnande tillegg til urlandskapet.», skriv Architectural Digest.
– Ideen var ein skulle kunne sjå heile Trollveggen uansett kvar ein stod inne i bygget.
– Bygget har fått ei form som relaterer seg til landskapet rundt og eit vindauge som på mange måtar har fanga Trollveggen sin profil, meiner Ramstad.
Han er svært glad for ros i det amerikanske interiør- og arkitekturmagasinet.
– Vi har fått mykje hyggjeleg merksemd rundt dette prosjektet. Men denne omtalen er vi fornøgde med, slår arkitekten fast.
Saka held fram under bildet.
Overraska pådrivar
For Svein Kroken, som har vore pådrivar for prosjektet og som no er dagleg leiar, var kåringa ei stor overrasking.
– Eg blei svært overraska då eg såg at vi var inne på lista over dei 20 flottaste nye. Dette sett vi stor pris på, seier Kroken.
– Kvifor kjem de med på lista?
– Vi kjem med fordi vi har fått laga eit spektakulært bygg som arkitekten og vi har lagt stor flid i. Det var dette vi ville ha.
Kroken er spesielt glad i at ein kan sjå alt av den 1800 meter loddrette og høge Trollveggen frå heile innsida.
Interesse for arkitektur i naturomgivnader
Både arkitekt og dagleg leiar er soleklare på at eit slikt bygg må passe i naturen. Akkurat spektakulær arkitektur i naturlege omgivnader trur Kroken vil vere eit verkeleg salskort.
– Folk oppsøkjer verdsarvområda, men meir og meir blir arkitektoniske, særeigne bygningar oppsøkt.
– Mange har meldt til oss at vi vil få ein straum av arkitekturinteresserte folk hit, fortel Kroken – som trur omtale som kåringa vil hjelpe ekstra på.
Saka held fram under bildet.
– Møre og Romsdal er miniatyren av Noreg
Arkitekt Ramstad er òg klar på at omtalen sender fleire folk til Noreg og Trollveggen.
Ramstad står også bak Trollstigplatået langs den Nasjonale Turistvegen. I tillegg jobbar han med Tindesenteret og prosjekt ved Romsdalsmuseet.
– Det er fantastisk å jobbe i Møre og Romsdal. Eg synest på mange måtar det er miniatyren av Noreg. Vi har fjell, fjordar, tindar, hav og innland, seier arkitekten.
Kritikk og råd
Samstundes som han rosar naturen, meiner han fylket må passe ekstra på i bygginga av infrastruktur.
– Ein må bruke meir tid på å planleggje. Ein må byggje i harmoni med landskapet og ta vare på det Møre og Romsdal har av storslått natur. Landskapet er fantastisk og då må ein utvikle tettstadar, byar og arkitektur med større varsemd, meiner Ramstad.
– Ein må tenkje meir enn éin gong før ein byggjer i Møre og Romsdal.
Trollvegen Besøkssenter opnar 1. juni og held ope fram til 1. september. I tillegg til kafé er der suvenirbutikk og auditorium som syner historia til Trollveggen sidan 1965.