Hopp til innhold

Her kan du måtte vente på grønt lys

Når 3000 bilar køyrer Trollstigen på ein dag, vert det fullt i svingane. No vurderer Statens Vegvesen å sette opp lysregulering for å unngå kø.

Trollstigvegen

Det kan verte lysregulering i Trollstigen dersom talet på turistar aukar.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Bilkø under Trollstigen

Statens vegvesen fryktar at køane vert endå lengre i sommar og vurderer lysregulering.

Foto: Edmund Meyer

Trollstigen i Rauma er ein av dei mest berømte vegstrekningane i Noreg, med sine 11 krappe svingar. Vegen har no fått status som nasjonal turistveg og opninga vart markert laurdag.

Det betyr meir marknadsføring og endå fleire turistar som vil køyre strekninga. Akkurat det bekymrar Statens vegvesen.

Trafikkork i svingane

Ivar Hol

Ivar Hol meiner det er på tide å vurdere lysregulering i Trollstigen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er redde for at vegen skal nå mettingspunktet. Når det nærmar seg 3000 bilar per dag er det fullt, seier seksjonsleiar i Statens Vegvesen, Ivar Hol.

No ser dei for seg lysregulering av vegen, med eit lys nedst på strekninga og eit øvst på platået. Hol ser for seg at når det er rundt 50 bilar i svingane, må dei andre vente på tur.

Stoppe og ta bilete

Attraksjoner i kø, Trollstigen

Mange stoppar i Trollstigen for å ta bilete, og det skal dei få halde fram med.

Foto: Steinar Vikås

– Vi vil ikkje ta frå folk høve til å stoppe og nyte utsikta og ta dei bileta dei skal, forsikrar Hol. Han trur ikkje turistane vil lide noko naud, sjølv om dei må vente ei stund på grønt lys, før dei får starte køyreturen.

Hol meiner at turistane kan bruke utkikspunkta og nyte naturen, medan dei andre bilane får gjort seg ferdig med svingane.

Trollstigen vart opna av Kong Haakon VII i 1936, etter åtte år med vegbygging.

  • Følg den fantastiske reisa her:
Den nasjonale turistvegen Geiranger-Trollstigen blir offisielt åpnet lørdag. Her kan du følge den fantastiske reisen fra Dalsnibba til Åndalsnes.

Geiranger og Trollstigen