Hopp til innhold

Trøbbel for nettbankar: Mange ville sjekke skatten

Mange kundar har i dag hatt vanskar med å logge seg på nettbanken sin med pålogging via BankID. Årsaka er at veldig mange har brukt systemet for å sjekke skatten sin.

Nettbank

Nettbankkundar har i periodar hatt vanskar med pålogging i dag.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Hege Steinsland

Hege Steinsland er kommunikasjonssjef i BankID Noreg.

Foto: BankID Norge

– Vi har opplevd at systemet har vore ustabilt i periodar i dag, det stadfestar Hege Steinsland i BankID Noreg.

Etter at skatteoppgjeret for 2014 blei lagt ut ved midnatt har svært mange nytta høvet til å finne ut om dei må betale eller om dei får igjen på skatten. Når svært mange også har nytta seg av BankID til pålogging, har det altså ført til kapasitetsvanskar for nettbankane.

– Vi har hatt ekstra beredskap i dag for å sjå at dette ikkje skulle bli overbelasta, men vi ser at vi har hatt periodar med større trafikk enn venta, seier Steinsland.

Gjeld ikkje mobilbank

Nokre kundar har opplevd at systemet har vore treigt eller har gått ut på tid. Steinsland seier dette berre gjeld dei som nyttar seg av systemet i vanleg nettbank.

– Det er om lag 600 000 personar som nyttar nettbank via mobil. Dei har ikkje merka noko av dette.

Ho seier trafikken har vore størst i perioden mellom klokka 0930 og klokka 13.

BankID med kodebrikke var i normal driftssituasjon frå klokka 13.

– Vi må beklage at vi møtte eit trafikkbilde som vi var førebudd på, men som vi dessverre ikkje handterte så godt som vi burde, seier Steinsland.