– Rett gjennom huset, og vidare mot sjøen.
Halgeir Brudeseth i Statens vegvesen viser kvar Tresfjordbrua startar og går. Ut i sjøen, og over Vikeskjeret.
På Vikebukt i Vestnes kjem den nye Tresfjordbrua på land. Både byggherre og entreprenørar har planen klar.
– I morgon kan entreprenørar starte opp i feltet. Men i første omgang blir det mest rigging, seier Brudeseth.
Tunnel og bru hand i hand
For litt under éin månad sidan starta arbeidet med Vågstrandstunnelen. No skal massen frå tunnelen brukast i bruprosjektet.
– No framover mot jul vil det bli fylt ut frå land og sjø, fortel Brudeseth til NRK.no.
Først i mars 2013 startar arbeidet med å støype solane til sjølve brua.
Dei som bur i området må då vente seg bråk på dagtid i eitt år framover. I august 2015 skal alt stå ferdig.
– Det er ei lang bru, 1,3 kilometer. Høgda blir om lag 40 meter, med ei seglingshøgde på 32 meter, fortel byggherre Sigmund Lønset.
Saka held fram under bildet.
Bomprisane kan endre seg
Lønset fortel at det blir tofeltsveg, med gang- og sykkelveg ved sidan av.
Bomstasjonane i området, med Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, skal fungere slik at dei i Tresfjord som køyrer inn og ut av bygda slepp å betale.
Satsane er sett til 80 kroner for Tresfjordbrua og 40 kroner for Vågstrandstunnelen. Dette kan derimot endre seg alt etter kva totalsummen på prosjektet blir til slutt.