Hopp til innhold

Treng meir pengar

Det har aldri vore så stor søking til folkehøgskulene som no. Likevel aukar ikkje den statlege løyvinga.

Høgtun Folkehøgskule

Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt har plass til 96 elevar.

Foto: Høgtun folkehøgskule

Folkehøgskulane er misfornøgde med regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

Edgar Fredriksen som er rektor ved Høgtun Folkehøgskule i Torvikbukt i Gjemnes og leiar for dei kristne folkehøgskulane i Noreg, er skuffa over at dei statlege pengane ikkje er i tråd med den sterke veksten

- Min umiddelbare reaksjon, utan å ha sett så nøyaktig på tala, er at eg er misfornøgd. Vi har ein vekst på 2%, og dei fleste har ein vekst på 3,1%, så eg må seie atvi er rimeleg misfornøgde, seier ein oppgitt Fredriksen.

Stort behov

Han fortel om fulle skular og at det er behov for eit utvida tilbod.

- Eg er spesielt misfornøgd på grunn av at dette kan bety at vi kanskje ikkje kan opprette ein skule til. Det er det behov for, for vi har fulle skular over heile linja, og vi har overfylt mange skular. Vi hadde trunge å kome i gang med i alle fall éin skule til.

- Men det er rekordsøking, det betyr at de ikkje får særleg godt betalt for å vere populære?

- Nei, vi får ikkje det.

For søkinga i år var sopass stor at fleire folkehøgskular måtte seie nei allereie i mars-april. I dårlegare tider vart fleire skular lagt ned. No er det behov for å byggje nytt. Moglegheita for dei enkelte skulane til å utvide kapasiteten er nokså avgrensa.

- Mange har utvida utan å få støtte, men det går berre til ein viss grad. På mange måtar er det overfylt mange plassar. Det må byggast nytt, og det har vi lyst til å slåst vidare for.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL