Hopp til innhold

Nesten alle nordmenn skal feriere i heimlandet

Tre av fire nordmenn planlegg å feriere i Noreg. I den veglause bygda Trandal kan det bli køar ved ei ikonisk huske.

Huske ved Christian Gaard i Trandal

Huska ved Christian Gaard i Trandal har blitt ein turistattraksjon.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Lenita Storeide ved Christian Gaard i Trandal.

Lenita Storeide håper at folk tar turen i sommar også, og at dei er flinke til å bestille på førehand.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Bygda Trandal på Sunnmøre har ingen bilveg. Skal du hit må du kome med båt eller gå over fjellet. Likevel tok så mange turistar turen i fjor sommar at enkelte blei avvist.

– Det berre eksploderte. Vi hadde folk her som kjøpe mat heile dagen og det var vi ikkje budde på, seier Lenita Storeide, som driv familiebedrifta Christian Gaard.

Nordmenn som ikkje kunne feriere i utlandet på grunn av korona oppdaga plutseleg heimlandet i fjor. I Trandal er det truleg den ikoniske huska hengt opp i treet som har gjort staden til ein turistattraksjon.

No er familien betre budd på storinntrykk av nordmenn.

– Vi håper at flest mogleg kjem i sommar, smiler Storeide.

Få drar til utlandet

Tre av fire nordmenn planlegg Norgesferie i sommar. Det kjem fram i ei undersøking som NHO Reiseliv har gjennomført. Berre ein av 10 planlegg å dra til utlandet.

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv, er glad for at mange nordmenn også i år vil feriere i heimlandet, men det er likevel ikkje nok til å berge turistnæringa.

– Sjølv om vi hadde tre gode veker i juli, så er det 12 månader i året. Det er likevel veldig viktig. Kassene til bedriftene treng påfyll, seier Devold.

Trolltunga

Trolltunga i Vestland er eit av reisemåla som kan bli populært i sommar.

Foto: Nina De Flon

Vestland mest populært

I fjor opplevde mange stader på Vestlandet og i Nordland at det blei fullt både på overnattingsplassar og spisestadar. I Geiranger var det så fullt til tider at folk vart oppmoda om å pakke med matpakke. Devold rår difor folk til å bestille tidleg, dersom ein planlegg å reise til stader alle andre har tenkt seg.

Undersøkinga viser at Vestland og Viken er årets mest populære sommarferiedestinasjonar. På delt tredjeplass er Oslo, Innlandet, Vestfold og Telemark, Nordland og Trøndelag.

Tal frå nettstaden Finn.no viser at Sørlandet toppar ferielista.

Christian Gaard i Trandal

For å kome til Trandal må ein ta båt eller gå over fjellet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kassa er tom

I Trandal er økonomien dårleg. Sparepengane er oppbrukt for å redde bedrifta gjennom koronaen. Dei ikkje råd til å tilsette fleire folk til sesongen.

– Vi må stå på døgnet rundt sjølv, seier Storeide.

No står dei lange dagar på kjøkkenet og førebur så mykje dei kan for å unngå kaoset frå i fjor. På menyen står det lokal mat.

Kjøkkenansvarlege Ivonne Ekremsæter er omgitt av geiter der ho nyt ei pause utandørs. Planen er at dei skal hamne på middagstallerkenen i restauranten.

– Det har blitt populært med slike plassar no. Små stader utanfor allfarveg, seier Ekremsæter.

Familien synest det er positivt at nordmenn oppdagar små perler i eige heimland.

– Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at huska frå barndommen min var det som skulle lokke folk hit til Trandal, seier Lenita Storeide.

Christian Gaard i Trandal

Det er hektiske dagar på kjøkkenet på Trandal for å lage klart mest mogleg til turistane som er venta.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

LES OGSÅ:

Eit livsverk på augemål

Pungar ut over 100.000 kroner for ei veke med draumeferie i Noreg