I Møre og Romsdal omfattar opptrappinga medlemmer ved Fræna vidaregåande skole, samt ungdomstrinnet ved Skjevik og Vågsetra skolar i Molde og to skoleiarar i Molde kommune.
Desse kjem i tillegg til de fire skolane i Molde som har vore omfatta av streiken sidan den 11.08: Bergmo og Bekkevoll ungdomsskolar, samt Molde og Romsdal vidaregåande skoler.
Totalt 2200 nye lærarar blir tatt ut i streik. Ytterlegare 71 skoler blir ramma.
- Les også:
Drygt 2200 nye lærarar blir tatt ut
Opptrappinga kjem etter at Utdanningsforbundet i går kveld avslutta samtalane hjå riksmeklaren.
– Dei ulike forslaga og formuleringane som kom på bordet hos meklaren i går er tausheitsbelagt, og eg kan difor ikkje kommentere dei direkte, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet.
Lied seier KS må strekke seg lenger dersom streiken skal avslutte
– At vi valde å avslutte meklinga seier vel det meste, held ho fram.
71 nye skular blir tatt ut i fase tre, i tillegg til at streiken blir trappa opp ved nokre av dei skulane som Utdanningsforbundet alt har medlemmer i streik.
Sjølv om streikevarselet er sendt ut i dag, vil ikkje sjølve opptrappinga skje før torsdag 21. august.
- Les også: