Hopp til innhold

Bli med på traktorpulling i Halsa

Traktorar kan brukast så mykje meir enn til gardsarbeid. Det vart tydeleg demonstrert på Stornaustet i Halsa i dag.

I pinsa var det traktorpulling i Halsa med rekordstor deltaking

Det er slett ikkje berre hestekreftene som tel når traktoren skal dra ein lastebil.

Nesten 1500 møtte opp for å sjå mektige hestekrefter under traktorpullarrangementet på Stornaustet i Halsa i dag. Med knappe 1700 innbyggjarar i kommunen, må det seiast å vere eit ekstrem bra oppmøte. Traktortrekking er ein konkurranse der traktorane skal trekke ei vektkasse lengst mogleg.

– Det er full gass som gjeld og så er det om å gjere å få traktoren til å gå beint fram. Harryfaktoren er høg, ler Ståle Rennemo frå Skogn.

I år var det rekord med 35 påmelde traktorar. Medan nokre lokale aktørar stilte med 75 hestekrefter, kom det langvegsfarande med 1000 hestekrefter.

Traktorpulling i Halsa

Nesten 1500 møtte opp for å få med seg traktorane i aksjon.

Foto: Roar Halten / NRK