Hopp til innhold

Frå konstant støysone til perfekt sommarperle

Folket i Batnfjorden i Gjemnes har fått eit nytt liv etter at E39-traseen blei lagt om. Før hadde dei 4000 bilar i døgnet. No er situasjonen ein heilt annan.

Vi skal til Batnfjorden i Gjemnes. Der har folk fått eit nytt liv etter at E39-traseen vart lagt om. Før hadde dei fire tusen bilar i døgnet. No er situasjonen ein heilt annan.

Batnfjorden i Gjemnes kommune har gått frå å vere eit trafikklasta område til å bli ei vakker og nær støyfri perle.

Optimismen kom då trafikken forsvann. Ei vegomlegging i Gjemnes har nemleg gjort Batnfjorden om til ei sommarperle.

Hasse Gaupset

Hasse Gaupset er svært glad for omlegginga av E39 i Batnfjorden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Dette er ei herleg oppleving, fortel bestefar Hasse Gaupset – ståande midt ute i gamlevegen.

Sonen og barnebarna er på ferie på Nordmøre frå Kirkenes. Sist gong han var på besøk var det konstant trafikkstøy like ved huset.

– Vi stod ein liten halvtime då dei kom frå Kirkenes i dag, sonen min seier at han ikkje har opplevd makan, seier Gaupset.

Endeleg kan føre ein samtale

Gamle E39 langs Batnfjorden har blitt heilt roleg. Lenger oppi lia opna ein ny veg for om lag eitt år sidan.

Tove Bodil Lindblad Skjølsvik

Tove Bodil Lindblad Skjølsvik fortel at ho endeleg kan føre ein samtale med andre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

No passerer ikkje lenger dei om lag 4000 tusen bilane heilt inntil husveggen.

– Det gjekk ikkje an å prate, føre ein samtale, før vegen blei lagt om, erindrar Tove Bodil Lindblad Skjølsvik.

No sit ho og solar seg i solveggen ut mot vegen. Der er det knyst stilt, og plutseleg har feriebustaden blitt glimrande.

– Det er berre eit nytt liv, altså. Eg veit ikkje kven vi skal takke for denne vegomlegginga, men det er vel fleire tenkjer eg, seier Lindblad Skjølsvik.

Alf Høgset

Alf Høgset, driftsleiar Gjemnes kommune, fortel om folk som no vil flytte til Batnfjorden.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Bli meir faste bustadar

Alf Høgset, driftsleiar i Gjemnes kommune, fortel om større iver for å satse langs gamlevegen.

– Vi fekk nokre førespurnader frå folk som bur i andre delar av landet og som har vore på ferie her. Dei ser no moglegheita til å utvikle fritidshusa til å bli meir faste bustadar, seier Høgset.

For Hasse Gaupset er draumen allereie realitet.

– Det er herleg, å kunne sitje på verandaen og prate saman. I staden for å ta kunstnarpause kvart tiande sekund når det køyrde langtransport forbi.

– Ta her e' jackpot for alle pengan' det, gitt, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL