Hopp til innhold

Turgåarar funne i Trollheimen

To utanlandske turgåarar blei i natt funne i god behald i Trollheimen. Det blei sett i gang ein stor leiteaksjon då dei to melde frå til politiet at dei ikkje visst kvar dei var.

I Trollheimen

Det blei sett i gang ein stor leiteaksjon i går kveld då to turgåarar melde frå at dei hadde gått seg bort i Trollheimen.

Foto: Monika Wikan Faaness

Dei to polske turistane kom vekk frå oppmerkt rute mellom Gjevilvasshytta i Oppdal og Trollheimshytta i går kveld og melde sjølve frå til politiet.

Etter ein leiteaksjon blei dei altså funne like før klokka 2 i natt. Det var ein av dei tilsette på Trollheimshytta i Surnadal som fann dei langs stien, Det stadfestar operasjonsleiar Jan Helge Kjøl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

–Det var ein av dei tilsette der som gjekk dei i møte og som fann dei, seier Kjøl til NRK. Ho visste at dei kom frå Oppdalssida og gjekk ruta i mot dei og gjekk seg på dei.

Funne i god behald

Dei to var i god behald då dei blei funne og tatt med til Trollheimshytta.

–Dei var godt utstyrt og hadde godt med klede, soveposar og mat, så det var ikkje noko som stod på dei slik. Men dei mangla telt. Alt i alt hadde dei det bra, seier Kjøl.

Leitte i ulendt terreng

Trollheimen

Dei to tok kontakt med politiet like før klokka 20 i går kveld, og i alt sju personar frå Røde Kors deltok i leitinga utover kvelden og natta. Dei to rakk akkurat å gi frå seg GPS-koordinatane for kvar dei var, før dei mista mobildekning.

Leitinga var vanskeleg, både fordi terrenget var ulendt terreng og fordi det tok lang tid for leitemannskap å ta seg inn til området der dei to var. I tillegg er mobildekninga i området svært dårleg.