Hopp til innhold

To menn pågripne mistenkte for vald mot same mann to gonger i natt

To kristiansundsmenn er pågripne og mistenkte for vald mot den same mannen to gonger i natt. Siste gongen hamna han på sjukehus, dei i arresten.

Kristiansund sykehus

Ein person ligg skadd på Kristiansund sykehus etter to valdsepisodar med dei same mennene natt til søndag.

Foto: NRK

To menn i 20-åra frå Kristiansund er pågripne og sit i arrest etter mistanke om at dei skal ha gått laus på ein annan kristiansundsmann to gonger natt til søndag. Ifølgje politiet blei mannen sendt til legevakta rundt klokka halv tre. Ikkje før var han komen ut derifrå, så møttest dei igjen, og dette resulterte i at mannen vel ein time seinare hamna på sjukehuset.

– Dei same folka var involvert i slåsting ved ein utestad tidlegare på natta, men det har tydelegvis blitt meir usemje. Dette er noko dei har valt å følgje opp, for å seie det slik, seier operasjonsleiar Sigvart Sivertsen.

Skal avhøyrast søndag

Operasjonsleiar Sigvart Sivertsen

Operasjonsleiar Sigvart Sivertsen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei to pågripne sit førebels i arrest, den eine blir avhøyrt søndag formiddag, den andre etterpå. Også han som er hamna på sjukehuset skal avhøyrast. Han blei ifølgje politiet utskriven frå sjukehuset natt til søndag. Politiet veit førebels ikkje nøyaktig kva som skjedde.

– Vi håper å kunne seie noko meir om dette når vi har fått forklaring frå partane. Dei er tydelegvis usamde om eitt eller anna som gjer at dei slost, men kva som er grunnlaget, veit vi ikkje, seier Sivertsen.

Skadar i ansiktet

Mannen som skal ha blitt utsett for vald skal ifølgje politiet ikkje vere alvorleg skadd.

– Vi veit ikkje detaljar, men han skal ha fått skadar i ansiktet, utan å vere livstruande skadd, seier Sivertsen.

Det blir no tatt blodprøve av dei to sikta i saka. Ifølgje Sivertsen er begge to kjende for politiet.

– Ikkje julebordsfyll

Sivertsen seier dei har hatt ei hektisk natt, men avviser at det er resultat av at julebordssesongen er i gang. Han meiner problema rundt avvikling av julefestane er overdrive.

– Det er litt overdrive dette med julebordsfyll, og det har ikkje vore servert ribbe på dei stadene der det har vore bråk i natt, seier han.