Hopp til innhold

Tingvollost vann internasjonal gullmedalje

Ei lita familiebedrift frå Tingvoll fekk gullmedalje for blåmuggosten sin under ein internasjonal ostefestival i Storbritannia.

Kraftkar

Blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost fekk ein av gullmedaljane under verdas største ostefestival i går kveld.

Foto: Hanne Stensvold

Blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost har fått ein av gullmedaljane under verdas største ostefestival, International Cheese Awards i Storbritannia. Kraftkaren vann i kategorien for beste kumjølksbaserte blåmuggost laga utanfor Storbritannia.

– Ein fantastisk siger

– Ein fantastisk siger for vesle Tingvollost! Vi er trass alt berre ei lita familiebedrift, så det at vi klarer å hamle opp med store internasjonale merkenamn er ganske spesielt, seier meierisjef i Tingvollost, Egil Smith-Meyer i ei pressemelding.

Rekordmange 4286 ostar frå 27 land deltok i konkurransen som årleg trekkjer over 40000 besøkjande. Ifølgje avisa The Independent, er ostefestivalen ein av dei viktigaste matfestivalane i Storbritannia.

Norsk gardsost

– Akkurat som VM-gullet vårt i 2011, er dette med på å setje både Tingvollost og norsk gardsost på kartet, seier Smith-Meyer.

– I ei tid der alle snakkar om ostetoll, er det viktig for oss å bevise at det går an å lage ost av internasjonal kvalitet også i Norge, legg han til.

Familiebedrift

Familien: Egil Smith-Meyer, Kristin, Gunnar og Solvor Waagen.

Fleire generasjonar: Egil Smith-Meier, Kristin, Gunnar og Solvor Waagen i Tingvollost.

Foto: Tingvollost / Pressebilde

Tingvollost vann tidlegare i år gull på Nordisk Ostefestival og har dei siste åra sanka ei rekke utmerkingar for sine ostar i både inn- og utland.

Familiebedrifta består av fire generasjonar og hadde i 2012 ein årsproduksjon på 20 tonn ost som seljast via utvalde butikkar og serveringsstadar over heile landet.