Hopp til innhold

Tek mange ulovlege teiner

Teiner skal merkast, og fluktopningane skal vera store nok. Kystvakta og Statens naturoppsyn er på tokt på Sunnmøre, og mange teiner blir dratt inn.

Teiner skal merkast, og fluktopningane skal vera store nok. Kystvakta og Statens naturoppsyn er på tokt på Sunnmøre, og mange teiner blir dratt inn.

– Mange gongar blir me litt forundra, for det er dyre teiner og reiskapen i seg sjølv er ofte lovleg. Då skulle vera relativt enkelt å ta fram ein tusj og sette eit merke på vaket, seier operasjonsoffiser Jon-Are Barlien på KV Njord.

– Dersom det er gjort så lar me teina stå, legg han til.

Klare reglar

Jon-Are Barlien har saman med Kjell Hansen i Statens naturoppsyn (SNO) tatt turen frå Fosnavåg og ut til Nelandsøya.

Jon-Are Barlien

Jon-Are Barlien i Kystvakta finn mange ulovlege teiner.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Me sjekkar ulovleg garnsetting, ulovleg merking, og om det er fluktopningar på teinene, seier Kjell Hansen.

Dei neste dagane skal dei sjekke om alt er på stell på Sunnmøre, og på denne rundturen som tar rundt ein og ein halv time blir det dratt inn 12 teiner og ei havteine, alle på grunn av merking.

– Regelverket er veldig klart. Vaka skal vera merka med namn og adresse, og det skal vera mogeleg å lese. Ein kan gjerne føre på eit telefonnummer også, seier Barlien.

– Kvifor er de så strenge på dette?

– Det er ein særrett det me som nordmenn har, at me faktisk kan få lov til å drive fangst. Då må me følge regelverket, og då er ein av dei viktige momentane at ein må sette namnet sitt på reiskapen som settast i sjøen, seier Barlien.

Klarer å finne eigaren

Dei ulovlege teinene blir meldt og overlevert til Sunnmøre politidistrikt. Det kan ventast ei bot til eigaren av teinene, og ofte kan også Kystvakta finne ut kven som eig teinene, sjølv om dei er dårleg merka.

Kystverket

Dei ulovlege teinene blir meldt og overlevert til Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Det me ofte ser, er at ved å dra fleire vak så klarer me å vera detektivar og bygge eit namn. Du må kanskje ha eitt eller ti vak, for det kjem an på kva bokstavar som er synleg på dei ulike teinene, seier Barlien.

Både garn og fluktopningar blir kontrollert, og for dei som ikkje er sikre på reglane, så opplyser Kjell Hansen at Fiskeridirektoratet har ein eigen app for desse.

– Me har også ein app som heiter «Ulovlige garn», for me er veldig avhengige av at folk tipsar oss. Med appen kan dei seie frå til oss, så går me inn på PC-en og finn ut kvar det er, seier Hansen.

– Det er nokon som er veldig imot at det blir fiska ulovleg med garnfiske, etter sjøaure for eksempel, så dei kan berre tipse i veg, seier han.

Kjell Hansen i Statens naturoppsyn (SNO) leitar etter ulovlege teiner.