Hopp til innhold

Tatt av snøskred

Politiet fekk melding frå turgåar.

Politi

To skiløparar vart tatt av eit snøskred langfredag. I påska i fjor miste fire personar livet i det same området.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Eit snøskred i Kannsdalen i Sunndal vart meldt til politiet klokka 12.13 langfredag.

Ein person som var på skitur i området melde frå om at det var to sakna personar inne i skredet. Seinare viste det seg at det ikkje var to, men éin person inne i snømassane.

Ropte om hjelp

Mannen som melde frå gjekk i eit følge på ni personar. Han såg og høyrde ein mann som stod ved rasområdet og ropte om hjelp.

Etter kvart vart den sakna skiløparen funnen. Ifølge politiet er han i god behald.

Kalla inn redningsfolk

– Det var tre personar i turfølget. Ein av dei ropte om hjelp, seier operasjonsleiar Rolf Korstad ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK Møre og Romsdal.

Det vart arbeidd med å skaffe redningsmannskap, men etter kvart kom det melding om at mannen var funnen.

Løyste ut skredet sjølv

– Etter det vi forstår er i god behald. Han seier at det var han sjølv som utløyste skredet, seier operasjonsleiar Rolf Anders Korstad.

Mannen som vart tatt av skredet er i byrjinga av førtiiåra. Dei to andre i turfølget er folk i trettiåra.

I påska i fjor omkom fire personar då dei vart tatt av eit skred i det same området, vest for Sunndalsøra.

Kameratane grov ut mannen

– No trappar vi ned det vi var i ferd med å trappe opp, seier operasjonsleiaren til NRK.

Det var eit følge på tre som var i området då skredet gjekk. Ein mann frå Sunndal vart tatt av snøen. Ein kvinne frå Molde og ein mann frå Sunndal var like ved.

Det var dei to turkameratane, pluss eit følge på ni som kom til, som var med på å grave ut mannen.