Hopp til innhold

Tangering av årsbeste i verda

Karsten Warholm (19) held fram med å imponere. I UM i friidrett på heimebane i Ulsteinhallen i dag tangerte han årsbeste i verda på 200 meter innandørs med tida 21,05. I tillegg vann han lengdekonkurransen og enda opp med sju gull i ungdoms-NM.

Karsten Warholm tangerte årsbeste i verda i si årsklasse på 200 meter.

Suveren Karsten Warholm. Dette bildet er frå stafetten, der han også vann si etappe suverent. Videoen viser innspurten på 200 meter der han slår Even Meinseth, og etterpå vert intervjua. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Arrangementet har vore ein stor suksess for Dimna IL, men ikkje minst for supertalentet Karsten Warholm. I dag avslutta han med suverent gull på 200 meter som er tangering av årsbeste i verda. Kenzo Kotten frå USA er den andre som har tida 21,05 så langt i år i denne årsklassa innandørs.

Suveren på pallen i UM, Karsten Warholm

Suveren på pallen i UM, Karsten Warholm.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg er dette den nest beste tida innandørs på 200 meter av ein norsk utøvar nokon gong. Berre legendariske Geir Moen har betre. Og om ikkje det er nok: Karsten Warholm persa ikkje berre innandørs på 200 meter, tida er også betre enn bestenoteringa han har utandørs, fortel trenar Arve Hatløy til NRK.

Også i lengdegropa var Warholm suveren med eit hopp på 7,49 meter, fattige ein centimeter bak persen. Nestemann på resultatlista kom ikkje over sju meter.

Siger også i lengdegropa for Karsten Warholm

Siger også i lengdegropa for Karsten Warholm med 7,49 meter.

Foto: Arne Flatin / NRK

På stafetten, 4x200 meter, stilte også Dimna lag og kom inn på ein 3.plass med Karsten Warholm på andre etappe, men løparen på første etappe hadde gjort ein teknisk feil som gjorde at laget frå Dimna vart diska.

Alt i alt er Warhom strålande fornøgd med sju gull i UM og fleire sterke resultat, ikkje minst på 60 meter og 200 meter.

Også på den siste dagen av meisterskapen var det fleire andre gode lokale resultat. Desse kan ein finne ved å gå inn på heimesida til arrangøren http://www.nmdimna.no/

Arrangøren Dimna meiner det var eit nærast prikkfritt stemne. Leiar for hovudstyret i Dimna idrettslag, veteranen Olav Hansen, seier det er naturleg for dei å søke om å få arrangere senior-NM innandørs på sikt med den nye Ulsteinhallen som base.

Leiaren i hovudstyret seier dei satsar på senior-NM på sikt.

Olav Hansen trur Dimna kan ta senior-NM om 2-3 år. Foto/redigering: ARNE FLATIN

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL