Hopp til innhold

Vil at tang og tare blir nordens svar på pastaen

Kunne det freiste med ein salat med rå tare? Det kan verte ein del av det nye norske kjøkkenet, tilsvarande italienarane sin pasta. Det håper i alle fall selskapet Algea, som vert dei fyrste til å dyrke tare langs norskekysten.

Tomme tangposar

Kristiansundsfirmaet har selt algeprodukt til heile verda sidan 30-talet. No vil dei ta det eitt skritt lenger – og dyrke taren sjølv.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Dei siste fire åra har Oddmund Hestvik og makkeren Rune Jensen sopa opp vill-tang langs halve kystlina i øyriket Smøla, kommunen lengst nordvest i Møre og Romsdal.

Frå måndag morgon til torsdag eller fredag bur dei her i båten, på jobb for Algea. Kristiansundsfirmaet har selt algeprodukt til heile verda sidan 30-talet.

No vil dei ta det eitt skritt lenger – og dyrke taren sjølv.

Alger

Her tar dei opp tang og tare.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Etter planen skal den første sjølvdyrka taren takast opp utanfor Frei i Kristiansund neste år, og administrerande direktør Tron Kjønnø er spent – og nervøs.

– Det er ei stor utfordring for det har ikkje vore gjort det vi no skal gjere, seier Kjønnø.

Samler tang

Ein raud snabel snusar seg i sikksakk langs stranda. Fremst har den knivar som kuttar opp tangen, som deretter blir sugd gjennom fire meter snabel, og fanga i ein pose bak på haustemaskina.

Hestvik og tangsuging

Frå det vesle førarhuset styrer Oddmund Hestvik sankebåten, som samlar tang heilt inne på stranda.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Inne i det vesle førarhuset styrer Oddmund Hestvik det heile med ein liten kontrollspak.

– Køyrer langs med vatnet, med tuten oppi. Sjølve haustmaskina kan flyte utom stranda der det er djupt vatn, seier Hestvik.

Difor må dei framleis finne ut korleis dei på best mogleg måte kan setje taren ut, og korleis dei enklast kan plukke den inn att.

Alt det formelle er ikkje heilt på plass, men Kjønnø er heilt sikker på at dei kjem i gong med å dyrke tare. Han seier utfordringane først og fremst ligg i teknologien – og at dei må finne ut korleis det er lettast å få selt taren etterpå.

Tangskjær

Med båten Tangskjær sankar Oddmund Hestvik og Rune Jensen grisetang for firmaet Algea.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Allereie i dag sel kristiansundsfirmaet algar som vert brukt til helsekost, gjødsel, dyrefor, sminke og næringsmiddel, som til dømes kan brukast i supper. I tillegg planlegg dei å lære oss å ete taren – gjerne rå.

– Vi ser føre oss eigentleg at med å utvikle eit nytt norsk kjøkken, eller nordisk kjøkken, a.la. italienarane sin pasta, så trur vi det er eit eksportprodukt som etter kvart kan bli stort, seier Tjønnø.

– Kor klare trur du Nordmenn er til å ete meir tang og tare?

– Eg trur det er mange. Særleg dei som har reist mykje, har vore i austen og der ein et mykje tang og tare i dag. Eg trur mange har lyst å prøve, eller eksperimentere litt, seier Tjønnø.

Nyplukka grisetang

Nyplukka grisetang.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Algea-sjefen ser for seg at vi om eit par generasjonar for eksempel serverer sjøsalat; ein bolle med rå tang og tare.

Valentinos Masoura smattar på krydder av tørka tang. Kyprioten har jobba 35 år som kokk, dei siste ti i Noreg og her på Smøla.

– Det er god smak, ikkje sterk. Den kan brukast på lam, spesielt, seier Mascoura.

Framtidsnæring

– Eg vaks jo opp på kysten og hugsar om våren, det å gå i fjæra å ete blæretang. Det var litt salt, men det var ei delikatesse som var kjempegod, seier Lisbeth Berg-Hansen.

No har Lisbeth Berg-Hansen blitt stor, og ho er ministeren vår for kyst og fiskeri. Ho kallar tang og tare ei framtidsnæring, og seier det er bra både til helsekost, mat og som energikjelde, viss ein til dømes bruker sukker frå sukkertaren.

B-H2

Oddmund Hestvik

Oddmund Hestvik slappar av.

Foto: Heidi Fagna / NRK

– Vi veit at sukker er ei viktig ingrediens i bioetanol f.eks. Eit eksempel som viser betydninga eller potensial er eit areal på størrelse med Vestfold fylke kan produsere nok tare til å dekke halvparten av EU sitt behov for bioetanol per 2010.

–Og vi har mange Vestfold langs norskekysten om vi ser på areal, seier Berg-Hansen.

Når Kristiansundsfirmaet Algea no skal dyrke tare, har dei ikkje heilt bestemt kva dei skal lage av den. Dei leverer gjerne algar til biodrivstoff, men det er i så fall langt opp og fram. Middagsfatet vårt, derimot, trur dei er lettare å nå fram til.

Ombord i båten

Ombord: Oddmund Hestvik (f.v.), Tron Kjønnø og Rune Jensen. Algea.

Foto: Heidi Fagna / NRK

På Smøla er dagen over for dei to tanghaustarane; grisetangen er plukka opp, pakka og sendt av garde med ein annan båt.

Algea-direktør Tron Kjønnø viser fram oppskrifter på salatar med rå tang, og kaptein Oddmund Hestvik lar seg imponere.

– Det er ein fin salat, og vi treng meir og meir mat i verda. Det blir fleire og fleire folk, og mindre og mindre mat. Så det er éin av tinga vi ser fram til, at vi kan få utvikling den vegen, seier Hestvik.

Men sjølv om tanghaustarane er omringa av råvara heile døgnet, må Hestvik vedgå at det ikkje blir servert tang på bordet i messa.

– Her går det litt meir på standard, coop-mat i messa. Det er fokus på å hauste, ikkje på å ete opp lasta, seier Hestvik.