Hopp til innhold

Takkar naboane for hjelpa då dei måtte evakuere etter brann

Ekteparet Tove (51) og Jonny Gangstad (52) på Valderøya utanfor Ålesund måtte dele familien for å skaffe husrom til alle då dei blei evakuerte nyttårskvelden.

Tove og Jonny Gangstad

Tove og Jonny Gangstad hos venane sine på Valderøya, snart klare for å reise heim igjen og samle familien.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Det var ingen i familien som kunne overnatte heime, då det begynte å brenne kraftig på fjellet på Valderøya natt til 1. nyttårsdag.

Brann Valderøya 311215

Store deler av området er svartsvidd etter brannen nyttårsaftan.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Blokka dei bur i, ligg like ved fjellet, og dermed blei forholda for usikre.

Sonen som er heime på juleferie fekk overnatte hos vener på Lerstad, dottera på Giske. Sjølve fekk dei husrom hos vener på Valderøya.

Det vart ei spesiell natt, seier Jonny Gangstad.

Kjende sterk røyklukt

Blokk som blei evakuert

Mange frå denne blokka blei evakuerte nyttårsaftan på grunn av røyk frå brannen på fjellet.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

1. nyttårsdag er dei snart på veg heim igjen, etter ei natt hos vennane sine. Dei fortel at dei var heime og feira nyårskvelden saman med fire andre, då dei begynte å kjenne sterk røyklukt rundt midnatt.

– Vi gjekk bak huset og såg at det var veldig mykje røyk som kom frå fjellet, og det blei berre meir og meir, seier Tove Gangstad.

Etter kort tid kom brannvesenet og bad dei stengje ventilasjonsanlegget, og etter kort tid kom politiet og bad dei om å evakuere.

Fryktar at naudrakett har starta brannen

Verken politiet eller brannvesenet vil slå fast brannårsaka på Valderøya fredag, men seier at det er nærliggande å tru at det kan vere starta av fyrverkeri.

Tove og Jonny Gangstad, Mette Helen og Aksel Tingvoll

Tove og Jonny Gangstad fekk husrom hos Mette Helen og Aksel Tingvoll då det begynte å brenne på Valderøya nyttårskvelden.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen

Ekteparet Gangstad seier dei såg mange naudrakettar over fjellet.

– Vi såg at det var veldig mange naudrakettar, sikkert 15 stykke som kom ganske tett på, så naudrakettar eller rakettar kan jo vere årsaka, seier Jonny Gangstad. Kona seier dei rett og slett var imponerte over kor fint dei lyste over fjellet.

– Men at det kunne få slike konsekvensar, kanskje, ikkje veit vi, dette har vi ikkje peiling på, seier ho.

21 personar evakuerte

Til saman 21 personar blei evakuerte natt til 1. nyttårsdag på grunn av den omfattande brannen på fjellet på Valderøya utanfor Ålesund. Fredag formiddag har dei fleste valt å flytte heim igjen.

Brann Valderøy 311215

Store deler av området er svartsvidd etter brannen nyttårsaftan.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Brannen er framleis ikkje sløkt, og store deler av fjellet er svidd av.

– Det er tragisk at dette flotte turterrenget er brent ut, seier Mette Helen Tingvoll (51) som har husa naboane i natt saman med mannen Aksel.

Hektisk natt

Laster Twitter-innhold

For 110-sentralen i Møre og Romsdal har det vore ei svært hektisk natt. Dei har hatt 43 aksjonar med stort og smått, og karakteriserer natta som ekstrem hektisk.

I Sula brann Sula Rutelag sitt bygg. I tillegg har det vore ei rekkje gras- og lyngbrannar både på Sunnmøre, Nordmøre og i Romsdal. Like før midnatt gjekk politiet ut og bad folk om å vere forsiktige med fyrverkeri fordi det var så tørt i terrenget.

Heim igjen

Familien Gangstad skal no heim igjen til seg sjølve, og håper at røyklukta ikkje er for intens. Så gler dei seg til å samle familien den første dagen i det nye året.

– No skal vi rusle opp igjen og samle familien, seier ekteparet.