Hopp til innhold

Syns foreldre er for lite kreative med julebaksten

Kunstnar Inga Dalsegg (39) syns foreldre som kjøper ferdige pepparkakehus er for lite kreative. Ho meiner dei bør ha tid til å setje seg ned og bake med ungane. Sjølv har ho brukt ein heil dag på eit fantasibygg i pepparkakedeig.

Hobbithus i pepparkakedeig
Foto: privat

Det er ikkje ein seigmann å sjå i mils omkrins rundt pepparkakehuset til Inga Dalsegg (39). Ho har pynta det utradisjonelle byggverket med persille og saltstenger.

- Det blir jo litt kjedeleg med desse ferdighusa. Det er litt trist dersom foreldra berre kjøper ferdige pepparkakehus, og alt ungane får gjere er å lime på nonstop. Ungane syns jo det er så artig å vere kreative, seier kunstnaren Inga Dalsegg frå Rindal (39).

Ber folk droppe dei nystrokne gardina

Ho meiner at ein del vaksne brukar for mykje tid på å vaske og ordne no før jul. Og at dei heller burde valt bort noko anna, for å få tid til å leike og bake med ungane.

- Treng ein verkeleg nystrøkne gardin til jul og eit hus fritt for hybelkaninar? Eg kjenner folk som drar fram både komfyr og kjøleskap før jul for å vaske, sukkar Dalsegg.

Inga Dalsegg bakar til jul

Ein fast venegjeng samlar seg alltid hos Inga Dalsegg i Rindal før jul. Til høgre Kjell Ove Holsbøvåg.

Foto: privat

SEND OSS BILETE AV PEPPARKAKEHUSET DITT, MED ELLER UTAN NONSTOP OG SEIGEMENN! Adressa er nrk.no/mr.

Saltstenger og persille

Årets hobbithus er bygd i to høgder. Torvtaket er laga av store mengder melis, grønfarga kokosmasse og pistasjnøtter. Langs veggane slyngar det seg persille, og huset er omkransa av eit gjerde av saltstenger. Hovuddøra er av signalgrøn marsipan. Det fins ikkje ein einaste seigmann, og berre nokre få nonstop.

- Det gjekk med fire øskjer melis og tre flasker konditorfarge....og blei litt å rydde opp etterpå, seier ho. Tradisjonen med utradisjonelle bakverk har ho med heimafrå, der faren var med og realiserte draumane til småjentene i huset.

Tidlegare i haust gjorde ho stor suksess med dei spesielle graskara til Halloween. Les meir:

Ville idear med pepparkakedeigen

Nordmørskunstnaren har som fast tradisjon å invitere ein gjeng med vener til bygging av pepparkake-byggverk rett før jul. Ideane er gjerne villare og sprøare for kvart år, og mengdene med pepparkakedeig langt over snittet.

- Vi har bygd vikingskip, iglo med eskimoar og pingvingar, pyramidar og kamelkaravaner, vi har bygd Colosseum med Julius Cæsar og gladiatorar i kamp med løver, ler Inga Dalsegg.

Lagar fantasiverd i deig

Inga Dalsegg lagar tak til huset

Taket blei forma ved hjelp av eldfaste former, tomme ølboksar og folie.

Foto: privat

Årets byggverk i pepparkakedeig i Rindal er eit hobbithus, inspirert av bøkene Hobbiten og Ringenes herre av J.R.R. Tolkien. Ein marsipanversjon av Gandalv, ein av hovudpersonane i Ringenes herre, kjem køyrande rundt hjørnet, og ein stegosaurus (ein planteetande dinosaur, red.anm.) i pepparkakedeig drar sleden.

- Eg syns det er veldig kjedeleg å gjere som alle andre, eg likar å bruke kreativiteten min og finne på noko nytt. Så tek det jo litt av, og det har ein stygg tendens til å bli mykje rart, humrar Dalsegg.

Syns det er viktigare å leike enn å vaske

Hobbithus i pepparkakedeig

Alt på huset skal gå an å ete, men Inga Dalsegg reknar ikkje med at det blir rift etter veggen med persille.

Foto: privat

Heime hos Inga Dalsegg var det alltid baking med heile familien før jul. 22. desember laga dei marsipankonfekt.

- Allereie då eg var ganske lita forsøkte eg å lage ein stor Kermit-frosk i marsipan. Vi fekk lov til å leike med deigen og lage rare ting, medan mamma og pappa laga konfekt som andre kunne ete, mimar Dalsegg. Ho syns dei gjorde eit rett val.

- Det er viktigare å ha det gøy og gjere ting med folk du er glad i, enn å vaske tak og veggar, bak kjøleskapet og kvar det no er folk vaskar, seier ho.

  • Syns du ferdiglaga pepparkakehus er ein uting? Sei meininga di i kommentarfeltet under artikkelen!