Hopp til innhold

Tapte 30 millionar - går til sak mot Nordea

Kommunestyret i Sykkylven har vedteke å gå til sak mot Nordea etter at ein avtale med banken førte til milliontap.

Sykkylven kommune

Pengeplasseringar som rådmannen var ansvarleg for i 2010 har ført til at kommunen til no har tapt over 30 millionar kroner.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Kommunestyremøte i Sykkylven

Tysdag 17. juni stemte kommunestyret i Sykkylven for å gå til sak mot Nordea.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sykkylven kommune er i store økonomiske vanskar og har kutta hardt i kommunale tilbod. Avtalen med Nordea har påført kommunen eit tap på 30 millionar kroner. Banken har tilbode kommunen 9 millionar kroner som kompensasjon – noko dei no takkar nei til.

Vil ha større kompensasjon

– Vi hadde ein sum som skulle vere avbøtande, men politikarane fann det freistande å tenkje ein større sum til å rette opp sanksjonsproblema som vi har slite med i nokre år, seier ordførar Petter Lyshol (H).

I ein epost til NRK skriv Nordea at dei har teke imot informasjon om at kommunen ikkje vil stå ved avtalane som har blitt inngått. Dei skriv at dei er førebudde på ei rettsleg behandling av saka, og vil elles ikkje kommentere saka.

Mangelfull informasjon

Etter det NRK kjenner til vart avtalen underskriven av rådmannen 14 dagar før politikarane fekk informasjonen. Politikarane fekk også mangelfull informasjon. Derfor meiner dei at dei har ei god sak i retten, seier ordføraren.

– Dei har ei stor tru på at vi har ei god sak, men advokatane som har drøfta dette med oss, seier ein ikkje kan garantere noko som helst, seier han.

– Utover det så er det vanskeleg å vite for meg kva som er realistisk å få til, leg han til.

Samrøystes vedtak

Dette er vedtaket som var gjort i Sykkylven kommunestyre 17. juni:

  1. Sykkylven kommunestyre går til sak mot Nordea i sak om rentebyteavtalar for å få desse kjent ugyldige.
  2. Kommunestyret ber kommuneadvokaten fortsette samtalene med Nordea.
  3. Dersom Nordea under prosessen, frå sak, kjem fram med eit fornya og forbetra tilbod, ber kommunestyret om å få tilbodet lagt fram så snart det ligg føre.
  4. Forhandlingsgruppa skal framleis haldast intakt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL