Hopp til innhold

Ei svunnen biltid samla seg til 30-årsjubileum

I anledning 30-årsjubileet til Storfjord Automobil Klubb samla det seg enorme mengder veteranbilar på Håhjem i Skodje. Éin av bilane var Paulus Giørtz sin Chrysler frå 1929.

Storfjordens Automobil Klubb fyller 30 år og markerer jubileet med Classic Car Show på Håhjem. NRK prata med bilentusiastar og publikum.

Paulus Giørtz under Classic Car Show i regi av Storfjordens Automobil Klubb. Bestefar til Paulus, som òg heitte Paulus Giørtz, kjøpte bilen ny i 1929.

– Bilen er kjøpt av ein som heiter det same som meg, Paulus Giørtz, som var bestefaren min, fortel barnebarnet Paulus Giørtz.

Bilen han har med seg på Classic Car Show i Skodje laurdag blei kjøpt i 1929. Ein verkeleg veteran, med andre ord. Chrysler er merket.

– Det er spesielt, det blir som ein del av familien. Denne blir nok verande, og eg har arvingar som skal ta over bilen etterpå, så det er ikkje noko problem, seier Giørtz.

– Tek vare på kulturhistoria

Heile helga er raritetar med motor, i alle klasser og former, samla på Håhjem i Skodje. I høve 30-årsjubileet til Storfjordens Automobil Klubb kan det for NRK sjå ut som alt av veteranbilar i klubben har samla seg.

Irene Årsnes

Irene Årsnes, leiar i Storfjordens Automobil Klubb.

– Det er ei utstilling og samling av bilar i klubben vår, fortel leiar i klubben, Irene Årsnes.

Amcar, hot-rod, motorsyklar, klassiske bilar, historiske bilar, ja, alt er representert.

– Vi har fått samla masse av det medlemmane våre brukar tida si på som hobby, og får no vist det fram til alle. Det er eit mangfald og så tek vi vare på kulturhistoria rundt bilen, seier Årsnes.

Ho synest det er utruleg kjekt at så mange ville stille bilane til utstilling.

– Vi veit at det finst mange smykke rundtom i garasjar, frå alle tiår. Det var veldig hyggeleg at dei ville bli med no når klubben er 30 år.

Leiaren i veteranbilklubben synest det er spesielt kjekt å få vise bilane til kjentfolk og bebuarane i nærmiljøet.

Saka held fram under bildet.

Arve Gjelstenli

Arve Gjelstenli har vunne mange prisar og pokalar for bilen sin, ein Volvo Amazon frå 1969.

Foto: Roar Strøm / NRK

Fullstendig hekta

Lars Monstad og Kåre Olav Monstad

Lars og Kåre Olav Monstad har brukt lang tid på å restaurere bil.

Arve Gjelstenli er éin av dei som har stilt ut bilen sin på Håhjem – saman med ein bråte pokalar.

– Eg har vore land og strand rundt, så då får ein litt. Det er ein hobby som ein blir meir og meir hekta på. Ein vil få det best mogleg, seier Gjelstenli.

To andre som var på plass var far Kåre Olav og son Lars Monstad. Dei stilte med ein eigenlaga bil.

– Ja, den er laga i Tomrefjorden, slo Kåre Olav fast.

– Vi har heldt på i seks år for å få fatt i nok originale delar til å restaurere, fortel han vidare.

– Heilt fantastisk!

Frode Vågan var éin av dei som hadde tatt turen til utstillinga.

– Heilt fantastisk! Eg fattar ikkje kor alt kjem frå. Heilt utruleg for ei samling finst her omkring, seier Vågan.

– Vi må jo hit og kike når her er så mange fine bilar, meiner Lena Nygård.

Kjærasten Kenneth Hjelle meiner det er ei svunnen tid som ikkje kjem tilbake dei som publikum får sjå.

Krevjande detaljar

Stemninga er god på utstillinga, med musikk frå ei annan tid, godt med publikum og enormt med bilar. Svært mange arbeidstimar ligg bak ein pussa opp, restaurert eller ivareteken veteranbil.

– Eg har heldt på i to og eit halvt år omtrent, avslører Bjarne Løken.

Han var ferdig med sin bil til 1. mai. Gjennom mange arbeidstimar blir det sveitte og tårer for å få alt perfekt

– Det er krevjande detaljar og når du då får starta og køyrer er det ei stor oppleving.

Bjarne Løken

Bjarne Løken har brukt 2,5 år på å få bilen ferdig.

Foto: Roar Strøm / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL