Hopp til innhold

Svindla Nav

Ein hjelpepleiar i 40-åra frå Sunnmøre er dømd til fengsel i 36 dagar etter å ha svindla til seg nesten 190 000 kroner frå Nav. I løpet av nesten tre år let ho vere å seie frå kor mykje å arbeidde, og fekk dermed utbetalt for mykje trygd. Trass i ulike forklaringar, er retten overbevist om at ho visste at ho førte for mange timar.