Hopp til innhold

Svelt etter siger over Rosenborg

Det er lenge sidan Ålesund FK slo trønderane i Tippeligaen. Kan sesongens første kamp heime på Color Line Stadion snu tendensen?

Aalesunds Fredrik Ulvestad (t.h.) og Morten Gamst Pedersen

Aalesunds Fredrik Ulvestad (t.h.) og Morten Gamst Pedersen i eliteseriekampen mellom Aalesund og Rosenborg på Color Line Stadion. Dommar Brage Sandmoen til venstre.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Ikkje sidan 2005

AaFK-flagg

Ålesund var pynta og klar til årets første heimekamp i Tippeligaen laurdag 5. april.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Av 18 møter i Tippeligaen har AaFK berre éin siger bak seg. Det var i 2005. Ikkje at ålesundslaget taper så ofte mot Rosenborg heller. Fire av dei siste åtte kampane har enda uavgjort med resultatet 2–2.

Høyr radiosendinga frå Color Line Stadion.

Men ny sesong gir nye moglegheiter. Spørsmålet er berre om Rosenborg ikkje er like sterke på bortebane som dei var under 2013-sesongen. Då var laget klart best på framand gras der dei tok totalt 30 poeng, viser statistikk frå Infostrada Sports.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL