Hopp til innhold

Suksess med pasientjournal på mobil

Herøy kommune er blant dei første som har innført ordninga i Møre og Romsdal. Ein app på smarttelefonen som inneheld pasientjournalar og viktig informasjon.

Herøy strålande nøgd med ny helseapp

–Etter at dette vart sett i verk i mai har det letta arbeidet for oss vesentleg.

Det seier Gunn Helsem Leine, som er sjukepleiar i Herøy og ein del av heimetenesta.

NRK er med ut på oppdrag, berre eit steinkast unna helsesenteret i ein einebustad. Når helsearbeidarane har kome seg inn er det fort gjort å hente fram opplysningane via ein eigen "app" på mobiltelefonen.

Helseapp i Herøy

Dei tilsette brukar mobiltelefonen når dei skal hente informasjon om pasientane. Her er det Johannes Eggesbø som får besøk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ny viktig informasjon kan leggast inn og lagrast der og då.

Viktig med god sikkerheit

Guro Gausemel er konstituert IKT-leiar i Herøy. Ho seier den største utfordringa har vore sikkerheita.

Guro Gausemel, IKT-leiar i Herøy

Guro Gausemel, IKT-leiar i Herøy.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det å få gode nok løysingar der sikkerheita i forhold til pasientopplysningar er i varetatt på ein god nok måte, har vore noko av det viktigaste.

Vi har brukt løysingar som allereie eksisterer og som er godt uttesta, men uansett er det ein prosess med å sette det opp og teste det ut.

– Tidlegare vart det brukt ei gammal plattform av Windows der ein måtte bruke PDA (personleg digital assistent) så det er eit stort steg framover å få bruke smarttelefonar.

No vert det meir likt appane dei er vande med frå sine eigne smarttelefonar så vi har opplevd litt "halleluja-stemning" i forhold til det, seier IKT-leiaren.

Fornøgd helsesjef

Pleie og omsorgssjef Ragnhild Velsvik Berge er like fornøgd med den nye ordninga som dei tilsette.

– Det har vore ein stor framgang for oss, og dei rapporterer om at det har vorte ein mykje lettare kvardag no. No har dei med seg opplysningane ut og det er veldig lett å slå opp for å rapportere inn nye opplysningar.

Ragnhild Velsvik Berge

Ragnhild Velsvik Berge er pleie og omsorgssjef i Herøy

Foto: Arne Flatin / NRK

Helsesjefen seier at dei ikkje har hatt negative opplevingar i det heile tatt etter at dei tok i bruk den nye ordninga i mai.

Enkelt og greit

Ute hos pasienten går oppdraget effektivt og kjapt. Gunn Helsem Leine får gjort det ho skal hos den pleietrengande, og etterpå kan ho enkelt og greitt bruke tommelen for å taste inn informasjonen og lagre den.

– Det har vore veldig lett å bruke dette nye systemet. Før skreiv vi ut lister før vi reiste ut på jobb og det var langt meir tungvint enn i dag når vi berre kan plukke med oss ein smarttelefon om morgonen og ha tilgang til det vi treng.

– Dersom me er ferdige med våre pasientar for dagen kan vi eventuelt hjelpe ein kollega som har mykje å gjere. Då kan me berre hente ned informasjonen frå denne pasienten via smarttelefonen, seier Helsem Leine.

For at telefonane skal fungere som dei skal må det vere god nok dekning i kommunen på mobilnettet, og i følge brukarane og leiinga har ikkje det vore noko problem i det heile tatt i Herøy.

Ved enkelte andre kommunar i landet har dette til tider vore ei utfordring på grunn av for dårleg mobildekning.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL