Hopp til innhold

Suksess for alpinanlegga – trass kort sesong

Høgsesongen i alpinanlegga er no over, og sjølv om den har vore kort, er skisentera godt fornøgde.

Stranda skisenter i solskinn

SKI: Skisentera i fylket kom seint i gang i år på grunn av lite snø, men når dei først kom i gang gjekk det overraskande bra for dei aller fleste.

Foto: Stranda Skisenter

Mange venta lenge på at snøen skulle legge seg, og dei fleste måtte vente heilt til nyåret før det gjekk an å køyre ski i alpinanlegga. Men enkelte fekk starte litt før. Stranda skisenter, det største i Møre og Romsdal, fekk dei første i bakken i romjula i fjor.

Driftsleder Stian Græsdal ved Stranda skisenter

Driftsleiar ved Stranda skisenter, Stian Græsdal, seier dei har hatt ein god sesong.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Driftsleiar ved skisenteret, Stian Græsdal, fortel at han er fornøgd med sesongen.

– Det har vore veldig bra, trass den trege starten. Men etter at det kom skikkeleg med snø kom også folket, seier han.

Ikkje langt unna, ved Fjellsætra i Sykkylven, har denne sesongen vore overraskande bra. Dagleg leiar, Ole Robert Strømme, syns likevel den var for kort.

– Vi fekk starta litt seint, og påska kom tidleg. Men vi har hatt ein brukbar sesong. Mange besøkande og godt føre i bakken, seier han.

Måtte produsere eigen snø

Også vêret får skryt. Surnadal skisenter kom i gang først 13. januar, men deretter har dei hatt ope kvar dag. Takka vere solid produksjon av snø.

– Vi har hatt ein kjempebra sesong, og mykje meir besøk enn tidlegare. Den snøen vi produserte tidleg i januar gjorde også at vi klarte å halde ope i påska, seier Tove M. Schei ved skisenteret.

Også litt lenger sør for Surnadal har sesongen vore god. Ved Tusten Skiheiser i Molde har det vore klart betre enn dei to siste åra.

– Vi fekk litt lite snø, men vi har hatt mange tilreisande, spesielt i påska. Eg vil seie det har vore brukbart, fortel Pål Nakken.