Hopp til innhold

STX har skifta namn til Vard

Dei ny eigarane, styret og leiinga i verftsgruppa STX OSV AS har avgjort at det nye namnet på verftet blir Vard.

STX OSV skiftar namn til Vard
Foto: Illustrasjonsfoto / Vard

I desember blei størstedelen av aksjane i STX OSV kjøpt den italienske verftsgruppa Fincantieri.

STX OSV har vore ei undergruppe av STX Europe, der sistnemnde har hovudkontor i Oslo medan STX OSV har hovudkontor i Ålesund.

Verftet ville framleis vere lokalisert i Ålesund, men frå no av vil namnet vere Vard.

Roy Reite

Roy Reite meiner namnet Vard speglar selskapet.

Foto: John Petter Reinertsen / STX

Spelar på vardane langs kysten

I ei pressemelding skriv selskapet at det nye namnet Vard mellom anna avspeglar den lange historia deira som skipsbyggjarar av offshore- og spesialfartøy.

– Vi blei tidleg i namneprosessen merksame på namnet Vard, seier konsernsjef Roy Reite i ei pressemelding tysdag.

– Betydninga av vardar for alle som ferdast langs kysten er uomstridd og det er eit sterkt symbol for eit selskap med så lange skipsbyggingstradisjonar som oss.

STX OSV AS har fått namnet Vard Group AS. Dei norske verfta vil få namna Vard Aukra, Vard Brattvaag, Vard Breivik, Vard Langsten og Vard Søviknes.

– Vard fungerer godt internasjonalt og har ei sterk maritim betydning, meiner Reite.

STX OSV har blitt Vard

STX OSV AS har no blitt til Vard Group AS.

Foto: Illustrasjonsfoto / Vard

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL