Hopp til innhold

Strødde amfetamin ut bilvindauget for å sleppe unna politiet

Ein kristiansundsmann strødde store mengder amfetamin ut bilvinduet, for å unngå å bli tatt av politiet. Ikkje lenge etter blei han tatt med nesten eitt kilo narkotika på moldeferja. No må han i fengsel i over to år.

Lovbok / Norges lover

Ein kristiansundsmann er dømd til fengsel i to år og tre månader for alvorleg narkotikakriminalitet.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Kristiansundsmannen blei så redd for å få bli tatt av politiet, at han i fart strødde amfetamin ut av bilvindauget då han blei forsøkt stansa i Støren i Sør-Trøndelag. Då var han på veg frå Kristiansund til Trondheim med 45 gram amfetamin gøymd i ein termos.

Dette er berre eitt av lovbrota han no er dømd for i Nordmøre tingrett.

Det mest alvorlege er beslaget av over 900 gram amfetamin, som politiet gjorde på moldeferja i vår.

Tatt med 900 gram amfetamin

I mars i år tok mannen på seg å transportere vel 900 gram amfetamin frå Oslo til ein stad i Møre og Romsdal. Det var ein motorsykkelklubb som hadde gitt han oppdraget, og ifølgje dommen møtte han ein person på McDonalds på Alnabru. Der fekk han overlevert stoffet, tok bussen nordover til Sunnmøre, men blei så stoppa på ferja mellom Vestnes og Molde.

Gjeld til motorsykkelklubb

Det er gamal gjeld som har ført den narkomane kristiansundaren til å begynne som kurer, står det i dommen. Her heiter det at han for nokre år sidan tok på seg å transportere ein bil frå Oslo til Kristiansund. Hensikta var å gøyme bilen, slik at klubben kunne melde han stolen og få utbetalt forsikringspengar. Dette blei oppdaga av politiet, og ifølgje dommen har mannen fått beskjed frå motorsykkelklubben om å gjere opp gjelda mellom anna ved å utføre ran, torpedoverksemd og narkotikatransport for dei.

Fengsel i to år og tre månader

Retten meiner beslaget på 900 gram amfetamin er det klart alvorlegaste mannen er tiltalt for, og meiner at tre års fengsel er passeleg. Han får likevel strafferabatt for å ha vedgått deler av kriminaliteten, og dermed gjort rettssaka enklare å gjennomføre. Retten legg også til grunn at mannen har blitt pressa til brotsverka på grunn av gjeld til motorsykkelmiljøet. Dermed blir straffa sett til fengsel i to år og tre månader.

Han er også dømd for å køyre i rusa tilstand og ikkje ha gyldig førarkort, og misser retten til å køyre bil for alltid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL