Hopp til innhold

Sjå den spektakulære arbeidsmetoden

I dag tidleg blei Jan Rune Ville og Dag Bjørneset, energimontørar i Tussa, kalla ut for å fjerne treet som låg over straumlinja. Denne videoen må du sjå.

Jan Rune Ville

Jan Rune Ville, er ein av montørane som vart kalle inn til fjerning av treet i dag.

Foto: Knut Hustad
Sprengning av tre

Lunta må plasserast på strategiske stader for at sprenginga skal vere sikker.

Foto: Tussa

I natt gjekk eit tre over ende over 22 kV-linja i Austefjorden i Volda. To montørar vart kalla ut og gjekk linja i natt for å leite etter feilen. Dei fann treet som låg over linja mellom Høydalen og Håvika. Fjerninga av treet vart gjort med sprengstoff. Og sprenginga var som filmen viser vellykka.

Ikkje sjeldan kost

Jan Rune Ville, som filma hendinga, har sprengt fleire tre det siste året. Under «Dagmar» var dette ei mykje brukt prosedyre. Men er dette sikkert?

– Sikkerheit framfor alt. Vi vurderer situasjonen kvar gong. Og dette treet låg i bratt terreng ned mot sjøen. I dette tilfellet kunne det vere farleg å kutte treet med motorsag fordi linja låg pressa ned mot bakken, og når grana kuttast vil det gå fleire tonn med kraft rett opp. Og ein har ikkje kontroll på kvar treet vil fyke, fortel Tussa-montøren.

Sikkerheit, sikkerheit, sikkerheit ..

I denne sprenginga vart lunta plassert på strategiske stader slik at treet kuttast rett av. Sprenginga i videoen ser dramatisk ut, men Ville opplyser at det aldri har gått gale tidlegare.

– Ein må vere forsiktig fordi denne straumlinja vil fungere som ein bue som skyt treet til vêrs, seier Ville.

Sprenging gran Tussa

Straumen kom tilbake etter at Tussa-montørane sprengde grana.

Foto: Jan Rune Villa