Hopp til innhold

Berit (68) har full kontroll på kostymeloftet

Berit Klepp (68) har vore med heilt sidan starten i 1991, og dei siste åra hatt ansvaret for kostymeloftet til Herøyspelet. Ho kosar seg med å halde orden på klede, sko og skodespelarar på loftet på ei gammal sjøbud på Herøy Gard.

Herøyspelet er like rundt hjørnet. Berit Klepp held orden på kostyma.

Berit Klepp held orden på kostyma til Herøyspelet. Her saman med kongedrakta. foto/redigering: ARNE FLATIN

– Kva er det som stikk ut her då? Sånn? Det ser greitt ut, seier Berit.

To jenter som har statistroller under Herøyspelet er på plass på loftet og kostymesjef Berit sjekkar at kostyma passar som dei skal.

Første helga i juli er fast tidspunkt for Kongens Ring, som er namnet på Herøyspelet, og det er ikkje lenge til årets premiere på spelet.

Full orden

Berit har oversikta og kontroll på dei over 200 hundre kostyma. Alle draktene heng systematisk på loftet.

– Eg må sjå til at dei tørkar mellom førestillingane, for dei blir av og til våte etter siste førestilling. Eg må henge dei opp, børste dei, få gjort dei reint, og sjå at dei er i orden, seier kostymesjefen.

Og det er flotte kostyme ho har kontroll på.

– Dei fleste kostyma er brune, svarte eller grøne, men dei som var litt meir høgt på strå hadde meir fargerike drakter. Ikkje minst dei kongelege, for då var det blått det skulle vere, seier ho.

Saka held fram under biletet.

På kostymeloftet

Berit Klepp saman med to av statistane. I mørk drakt, Sofie Lovise Lillestøl Hansen, og i brun drakt, Camilla Skår Kvalsvik.

Foto: Arne Flatin / NRK

Skalla i bjelkane

Berit har hatt mange godt kjende skodespelarar på loftet. I fjor var det Nils Ole Oftebro som utmerka seg.

På det litt tronge loftet, med takbjelkar som heng ganske lågt, var det standard at den store, skalla mannen stadig vekk skalla opp i desse bjelkane.

Til slutt sette Berit Klepp inn tiltak.

– Eg sette fast skumgummibitar på dei mest utsette plassane så han ikkje skulle skade seg, likevel gjekk han stort sett rundt med plasterlappar heile tida, ler Berit.

Spesiell skosmurning

Skoa som vert brukte har Berit også full kontroll på, og dei er nettopp smurt inn med ei spesiell blanding av impregnering.

Sko heng til tørk på kostymeloftet

Dei nyimpregnerte skoa heng til tørk på kostymeloftet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er heimelaga skosmurning som er laga på museet her, og det er litt moro. Me hadde sjetteklassingar her for litt sidan, og då lærte dei seg å lage impregnering til segl og teglverk og slikt, seier Berit.

– Då var vi veldig snare å spørje om me ikkje kunne få, og det er laga av sauetalg, og lyse og tjøre. Det luktar veldig godt, og er veldig effektivt, seier kostymeentusiasten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL