Hopp til innhold

Stort behov for fleire lærebedrifter

I år blir det mangel på fleire hundre lærlingplassar i fylket. No har fylkeskommunen starta ei kampanje for å rekruttere fleire lærebedrifter.

Lærlinger på Midsund Bruk

Arkivfoto: Talet på lærlingplassar i Møre og Romsdal minkar. Her er lærlingar ved Midsund Bruk.

Foto: Gunnar Sandvik

Møre og Romsdal er eit av dei viktigaste fylka med stort behov for mange lærebedrifter. Ein krevjande arbeidsmarknad gjer at mange tradisjonelle lærebedrifter sviktar.

– Det blir mangel på fleire hundre lærlingplassar for ungdom under yrkesutdanning komande året, seier konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

Har starta rekrutteringskampanje

Fylkeskommunen har difor sett i verk kampanjen «Bli Lærebedrift – Tenk framtid».

Rune Solenes Opstad

Det er framleis eit stort behov for fleire lærlingplassar, seier konstituert fylkesutdanningssjef Rune Solenes Opstad.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Det er ein rekrutteringskampanje der både offentlege og private bedrifter blir oppmoda om å ta samfunnsansvar og bli lærebedrift.

– Der lågkonjunkturane slår inn størst er også der vi slit mest med å få nye lærlingplassar og lærebedrifter, seier Solenes Opstad.

Han fortel at dei manglar lærlingplassar både innanfor privat og offentleg sektor.

– Det er ekstra akutt innanfor enkelte sektorar no, men til vanleg gjeld det alle område.

–​ Difor ønskjer vi ein litt breiare aksjon slik at alle i arbeidslivet blir inkludert, seier Solenes Opstad.

Håper å nå nye bedrifter

No håpar dei at kampanjen vil hjelpe dei å nå både kommunane, tradisjonelle lærlingbedrifter og nye bedrifter som aldri før har tilbode læreplassar. Også små bedrifter kan bli lærebedrifter, storleiken er ikkje det viktigaste, seier Solenes Opstad.

– Nei, den kan vere veldig liten og berre ha eit par tilsette. Det er innstillinga til dei som eig og driv bedrifta som er utgangspunktet, seier han.

– Det viktigaste er at dei dekker læreplanmåla for lærlingar. Greier ein det, så går det fint, held han fram.