Når Storfjordens Venner får overrekt den Europeiske kulturvernprisen i Madrid i morgon kveld, er det ei enorm anerkjenning av arbeidet dei frivillige entusiastane i foreininga står for, meiner Erik Schultz.
Han er styreleiar i den norske avdelinga av organisasjonen Europa Nostra, som står bak prisen saman med EU-kommisjonen.
– Når heile Europa er nedslagsfeltet for denne prisen, og i alt 28 land kjem med forslag til prisvinnarar, er dette aboslutt eit nålauge å kome igjennom, seier Schultz.
Foreininga er éi av i alt 28 prisvinnarar som får ære og heider under tilstellinga i Madrid. Prisen blir delt ut av president i Europa Nostra, tenoren Placido Domingo, saman med og også spanskedronninga Letizia deltek.
Juryen er imponert
Den norske avdelinga i Europa Nostra har ikkje hatt nokon finger med i spelet når juryen har bestemt at Storfjordens Venner er best av alle i Europa i kategorien "Spesiell innsats" i kulturminnearbeidet.
– Det morosame er jo at juryen sit langt unna Noreg, har stor ekspertise på sine ulike felt , og sit milevis unna fjord og fjell der Storfjordens Venner utøver sin store innsats, seier Erik Schultz.
I juryen sit mellom anna representantar frå Belgia, Frankrike, Tyskland, Malta og Montenegro.
Vidt spekter
I følgje Schultz har juryen lagt vekt på fleire element når dei har utpeikt Storfjordens venner til Europas bste på sitt område.
– Innsatsen dei har gjort med å berge nokså utilgjengelege, eldre bygningar i ulent og vanskeleg terreng er i seg sjølv prisverdig. Nærleiken til Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland, er også med i vurderinga, meiner Schultz.
Han trur også at det tradisjonelle, årlege Sommarstemnet som foreininga arrangerer, har virka inn fordi det spreier kunnskap til mange.
Eit anna viktig poeng, meiner Schultz, er at Storfjordens Venner gjennom aktiviteten dei driv, skaper auka medvit om bevaring av kulturminnearven.
– Dei formidlar byggetradisjon og syt for at yngre handverkarar får vere med og lære handverket som skal til for å restaurere gamle bygningar.
I konkurranse med slott
Europa Nostra arbeider for å få fram frivillig innsats på kulturminnefeltet i kvar ein krik og krok i Europa.
– Det er gledeleg at eit lite hjørne av Europa får ein så høgt hengande pris konkurranse med svære prosjekt som slott, kyrkjer, katedralar ute i Europa. Det viser at små miljø og prosjekt blir ikkje gløymde, meiner Schultz.
Han legg til at store kulturnasjonar som Italia, Spania, Frankrike, England, Tyskland blir tunge i ein slik konkurranse. Men prisen viser at også at lokalt kulturvern er verdifullt.
Vil gi ringverknader
Omdømet til Storfjordens venner kjem til å bli løfta enno meir opp og ut med denne prisen.
– Dette vil dei vil ha glede av i mange år framover. Erfaringane våre viser at sjølvkjensla til prisvinnarane aukar, og omverda får augo opp for kjempeinnsatsen dei gjer.
Schultz legg til at tidlegare prisvinnarar erfarer at rekrutteringsarbeidet går lettare.
– Prisen gir også drahjelp for økonomisk støtte frå lokalmiljøet, det offentlege eller frå private stiftingar.
Prisutdelinga skjer i Zarzuela Teater tysdag kveld kl. 19.