Hopp til innhold

Kontraktar med internasjonale artistar drøyar Jugendfest-sleppet

– Men i løpet av dei neste vekene vil vi sleppe dei første artistane, fortel Ante Giskeødegård, bookingsjef i Momentium.

Jugendfest, Ante Giskeødegård innfelt

Ante Giskeødegård (innfelt) fortel at dei vil ha alt klart før Jugendfest-programmet blir sleppt, litt etter litt.

Foto: montasje / NRK

Før Jugendfest i 2012 hadde publikum allereie i slutten av 2011 fått smakt på dei første artistnamna. Mellom andre Kent og Roxette.

I 2012 har det derimot drøya. Og drøya, og drøya ...

Ventar til alt er på plass

Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård

Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård, begge tidlegare medlemmer i The Margarets, fortel at Jugendfest-sleppet er like om hjørnet.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Tidlegare år har det kome artistar, frå desember til seinvåren. Midt i mai har det framleis ikkje dukka opp noko festivalprogram. Det einaste som er sagt er at det blir stort.

– Vi har sleppt artistar ein heil del tidlegare før, mellom anna i fjor. I år har vi derimot jobba med nokre store internasjonale artistar som vi vil sleppe aller først, fortel Ante Giskeødegård.

Den daglege leiaren og bookingsjefen i Momentium vil nemleg ikkje ha så mange lause trådar.

– Det meste er på plass, men det er småting igjen i kontraktar på nokre. Vi ventar til alt er på plass, slik at vi slepp noko ekstra.

Saka held fram under bildet.

Publikum The Prodigy

The Prodigy trekte mykje publikum under Jugendfest 2012.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Fordel med store namn klart tidleg

Andre festivalar i Noreg, som kjende Øyafestivalen i Oslo, startar artistsleppet allereie i november – berre tre månader etter førre festival.

– Det er sjølvsagt ein fordel å ha eit par store namn klart tidleg. Dei største festivalane – Øyafestivalen, Hovefestivalen og Slottsfjellfestivalen – slepp headlinerar i desember året før.

Det seier Marius Asp, vaktsjef og musikkanmeldar i P3 Musikk i NRK. Det betyr derimot langt meir kven artistane som blir sleppt er.

– Naturlegvis betyr det meir kven som faktisk spelar. Eit fleirtal av norske festivalar opererer med artistane som reiser rundt den sommaren. Det handlar meir om fest og trygge, folkelege namn.

– Høyrer Jugendfest til den gruppa er det ikkje sikkert det har noko å seie, meiner Asp.

Aukande spørsmålsfrekvens

Jugendfest ligg vel i landet mellom dei mest folkelege festivalane og dei meir «hippe», som for eksempel Øyafestivalen.

I seinare år har artistar som Bjørn Ferry, The Prodigy og Roxette vore trekkplaster. I år har det blitt lova endå større artistar, då festivalen skal gå over to, ikkje tre, dagar.

– Vi har jobba med nokre fine artistar, og det er nok difor det drøyer, ja. I løpet av mai har vi garantert byrja artistsleppet, fortel Giskeødegård.

Spørsmåla, frå både venner, folk flest og media, om artistslepp har det derimot blitt mange av.

– Vi har fått ein del spørsmål den siste tida. Folk lurer veldig no, men vi har også bevisst latt fokuset vere litt ekstra på dei andre festivalane våre.

Saka held fram under bildet.

Marius Asp

Marius Asp trur ikkje seint slepp har positive innverknader på billettsalet.

Foto: Kim Erlandsen / NRK P3

– Bør vere gjort

Asp i P3 Musikk er innom mange konsertar og festivalar i løpet av eit år. Å sleppe billettane såpass seint gagnar ikkje billettsalet, trur han.

– Med tanke på billettsal har det nok ikkje så mange positive sider. Men dei har truleg lagt planane for både sommaren og vidare, meiner Asp.

– Kan det byggje litt ekstra forventningar å vente med artistsleppet?

– Ja, det kan det nok, men sjølve bookingarbeidet bør vere gjort.

Stadionnisje?

Når Asp ser på tidlegare program, sidan 2008 og fram til no, ser han mange ganske trygge namn.

– Typen headlinerar er nok den typen som passar best for ein mellomstor festival. Nostalgi er eit stikkord, der fleire av artistane appellerer til eit festivalpublikum som vaks opp på 80- og 90-talet.

Jugendfest

Publikum under Jugendfest 2012 hadde lite å utsette på festivalen. Asp i P3 Musikk meiner eit konsentrert festivalprogram kan gjere ting endå betre.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Unge namn er nok ein fordel, men eg trur dei eldre og etablerte namna er viktigaste å treffe med, seier Asp.

Jugendfest blei for første gong arrangert på Color Line Stadion, der Aalesund til dagleg spelar heimekampane sine i Eliteserien.

– Kan Jugendfest satse på å bli ein stor stadionfestival, i ei eiga nisje?

– Det kan nok hende, men då er dei svært avhengige av namn dei veit vil selje billettar. Eksklusivitet har ikkje nødvendigvis så mykje å seie for den gjengse festivalgåar.

– I år går festivalen over to dagar, ikkje over tre som i fjor. Må det ekstra store namn for å få like god inntening då?

– Det er alltid eit komplisert reknestykke, med tanke på honorar, driftskostnader og festivaløkonomi.

– Heilt generelt trur eg festivalar gjer lurt i å konsentrere godsakene. Det krev færre artistar og mindre arbeid for å få til to gode dagar, samanlikna med tre gode dagar, avsluttar Asp.