Hopp til innhold

– Dei «plagsame» paddene er blitt attraksjon

Bygginga av Kvivsvegen kunne ha teke knekken på ein av Europas største paddebestandar. Miljøvernarar og vegvesenet har sørga for at paddene går ei lys framtid i møte. Det som før blei oppfatta som eit plagsamt kvekkande dyr er blitt ein storattraksjon på Sunnmøre.

Padde statue

Den store paddestatuen ragar som eit flott kunstverk i Austefjorden. Statuen er ei påminning om kor viktig det er å ta vare på naturverdiane, også når det skal byggjast store vegprosjekt.

Foto: Terje Reite / NRK

Kvivsvegen går tvers gjennom området til Skandinavias største, og ein av Europas største paddebestandar. Paddene overvintrar i tusental i skogen på oppsida av vegen. Tidleg om våren vandrar dei ned mot sommarområdet sitt ved Lisjevatnet.

Padde påkjørt

Slik kan det gå når paddene skal krysse vegen. I Austefjorden kan no paddene krysse vegen i tunnelar under vegbanen. I den mest aktive tida passerer tusenvis av padder den nye Kvivsvegen.

Foto: Terje Reite / NRK

Dei brukar 30 minutt på å krysse vegen. Dermed var risikoen stor for at bestanden kom til å bli utrydda. No er det bygt tunnel under den nye Kvisvegen, og i dag var det storstilt opning av paddetunnelane, Paddeplassen og det var avduking av den store paddestatuen i området.

– Etter kvart la eg frå meg alle bileta og studiane av paddene, og forma padda slik eg meinte ho burde vere. Og eg har kanskje gitt henne litt ekstra glimt i auget og baka inn litt humor, seier kunstnaren Robert Steinnes til NRK.

Padde Austefjord

Thomas Busker Larsen hjelper dotter Marta Busker Brænne (3) ned frå Padda. Det var så spennande å leike der oppe.

Foto: Terje Reite / NRK

– Dette var det eg håpa på

Han legg til at vonar spesielt at barnefamiliane skal bli så glad i paddestatuen at dei vel å svinge av den nye Kvivsvegen ved Geitvika og leggje turen innom statuen. Og akkurat det var det som skjedde laurdag. Straks statuen var avduka strøymde barna til padda, dei klatra inni og dei klatra oppå.

– Det var det eg hadde håpa, men eg hadde aldri trudd det ville skje så spontant, seier kunstnaren Robert Steinnes.

Robert Steinnes

Robert Steinnes er kunstnaren som har laga padda. Inst inne er padda forma i isopor. Isoporen er armert, og vidare har han lagt på lag på lag med betong.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi har noko unikt

Leiaren i Austefjord Grendalag, Maria Sundal, vedgår at ikkje alle i Austefjorden alltid har hatt eit like positivt forhold til paddene i bygda. Også ho rista på hovudet då det for nokre år sidan blei kjent at det skulle brukast store summar for å lage eigne tunnelar til paddene, slik at dei skulle klare å krysse vegen.

– Eg tenkte «jøje meg». Så mykje styr for berre nokre padder. Men så har vi gått gjennom ein prosess der vi har fått opp auga for at vi har noko svært unikt her i Austefjorden. Det er ikkje mange stadene i Europa dei har så mykje padder som her. Og no har vi også ein stor ein på sokkel, seier ho.

Maria Sundal

Maria Sundal er leiar i Austefjord Grendalag.

Foto: Terje Reite / NRK

Vil ha amfibiesenter

Paddene i dette området er blant dei mest trua virveldyra i verda. Dei kan bli 30 år gamle, men det mest vanlege er at dei blir 6–7 år.

– No har vi fått til dette. Det neste blir å starte arbeidet med å få til eit nasjonalt amfibiesenter, med forskingsstillingar, her i Austefjorden, seier ho ivrig. Paddeplassen er altså ikkje berre ein avansert rasteplassen ved Kvivsvegen, men også kimen til noko som kan bli noko stort.

– Vi måtte gjere noko

Det er eit omfattande anleggsarbeid som er gjennomført for å få padde trygt over, eller under, vegen. Det er laga tette gjerde opp over i lia, og langs deler av vegen, for å leie paddene mot tunnelane. Desse gjerda kan på mange måtar samanliknast med ei slags trakt. Når hannen har lagt seg på ryggen til hoa, og på den måten ber henne nedover lia i retning Lisjevatnet, vil paddene uansett hamne ved ein tunnel. Prosjektet er laga i nært samarbeid mellom blant andre Statens vegvesen og Naturvernforbundet.

– Då vi var på synfaring her såg vi ved sjølvsyn at dette var eit heilt spesielt naturfenomen. Det kom tusenvis av padder og ville over vegen. Svært mange ville ha blitt utrydde berre under anleggsperioden. Då blei det arrangert bøttedugnad for å få paddene ned til Lisjevatnet, fortalde prosjektleiar Oddbjørn Pladsen under opninga.

Paddetunnel

I rekkje og rad ligg paddetunnelane. På oppsida av vegen er det laga gjerde, nesten som ei trakt, som fører paddene ned til tunnelane. Lisjevatnet ligg på høgre sida av dette biletet, berre nokre få meter nedom vegen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Ikkje den dyraste løysinga

Og han avviser at det omfattande paddeanlegget har fordyra vegen.

– Paddene måtte bergast. Alternativet ville vere å lage ein langt lengre tunnel for bilane. Og det ville ha blitt langt dyrare, sa han.

Padde statue barn

Ungane i Austefjorden var raskt frampå og tok paddestatuen i bruk. Kunstnaren var nøgd for han vona at statuen skulle appellere spesielt til barn.

Foto: Terje Reite / NRK

Padda er avduka. Og spesielt ungane frydar seg. Eitt sekund etter avdukinga har eit trettitals ungar innteke padda.

– Sjå den store frosken, høyrer vi ei tynn barnestemme rope. Mor hans smiler og seier ja, og klarer å legge til at det ser ut som ein frosk, men at paddene er mykje større enn froskar.

– Ja, og den der frosken er kjempestor, så då heiter han padde, ropar han og spring inn mellom beina på den store, store padda i Austefjorden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL